Vil ikkje vere fangevaktar Teknologien gjev mange løysingar for å passe på pasientane. Sikkerheita er viktig, men det er òg retten til å bestemme over seg sjølv. Ein god pleiar er korkje mor eller fangevaktar for pasientane, men kjenner dei godt og skjøner kva dei ynskjer. Tekst: Karin Svendsen På Vetleflaten omsorgssenter på Voss har dei supp- lert det fire år gamle sjukesignalanlegget med eit buss-anlegg. Til saman gjev dei to elektroniske systema mange høve til varsling og tilkalling for pasientane på sjukeheimen og bebuarane i omsorgs- bustadene. – Men vi pøser ikkje på med teknologisk utstyr, seier Solrun Hauglum. Ho er ergoterapeut, leiar for aktivitetsavdelinga og med i leiargruppa ved sen- teret. Skolert personale Personalet på Vetleflaten er medveten om å ikkje bryta lovverket når dei tek i bruk eit elektronisk hjelpemiddel. – Helsepersonell i kommunen er skolert på hel- selovene. Dei ulike yrkesgruppene har òg sine yrke- setiske retningsliner. Når det dukkar opp behov for å ta i bruk eit nytt hjelpemiddel, eller for å bruke eit hjelpemiddel på ein ny pasient, har vi alltid grun- dige etiske diskusjonar før vi konkluderer, fortel Hauglum. Ergoterapeuten, som er godkjent spesialist innan eldreomsorg, er svært medviten om at elektronik- ken kan misbrukast. – Men det kan òg ein senge- hest, seier ho, og meiner det kan vere betre for pasi- enten med ei varslingsmadrass i senga. Ein madrass som sender signal til pleiar og vaktrom når perso- nen står opp, merkast mindre og gjev mindre tvang enn ein sengehest, trur Hauglum. Løyser problem Hauglum fortel at diskusjonen kring eit nytt hjel- pemiddel som regel dukkar opp når ein pleiar, pårø- rande eller ho sjølv observerer at ein pasient har vorte dårlegare. Det hender også at pasientane sjøl- ve seier frå om problem. – Ein kvinneleg pasient fortalde til dømes at ho var redd for å få besøk på nattetid. Ho ynskte ikkje å låse att døra til rommet sitt. Men her er jo ein og annan nattevandrar, og ho var engsteleg for at nokon skulle ta feil av dørene. Eg spurde om ho ynskte at vi skulle ta i bruk døralarmen. Ho tykte det var ei god løysing, og vi skreiv kontrakt om at heretter skulle alarmen på døra hennar vere akti- vert om natta, fortel Hauglum. Dersom nokon opnar døra hjå denne kvinna mellom klokka ti om kvelden og sju om morgonen, får nattevakta heretter eit signal på telefonen. På vaktrommet står ein pc som syner kva for ei dør som er blitt opna. Samtykkjer Når ein ny pasient flyttar inn på Vetleflaten, er som regel Hauglum til stades. Døralarm er det fyrste hjelpemiddelet ho tenkjer på viss pasienten er ramma av ein demenssjukdom. – Mange er urolege når dei nett har flytta til ein ny stad. Difor fortel eg pasienten eller pårørande at vi kan ta i bruk døralarmen, og spør om det kan vere noko for han eller ho. Solrun Hauglum. TILTAK: Forskerne bak undersøkelsene om bruk av tvangstiltak i eldre- omsorgen anbefaler at • det må utarbeides et regel- verk som regulerer bruken av tvangstiltak. • alle avdelingar i institusjoner for eldre må organiseres som små enheter tilrettelagt for beboerne som er der. • tjenesteyterne som arbeider i eldreomsorgen, må gis høy- ere grad av bevissthet om kvalitetsforskriftene. • tjenesteyterne må få opplæ- ring om aldersdemens og hva det innebærer av ansvar når beboerne ikke lenger kan ta egne beslutninger. Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens har utarbei- det et opplæringsprogram, «Tvang – helst ikke», til bruk i slik opplæring. YRKESETIKK 23 temahefte-02