KOMMENTAR Berre ein liten blome Helsepersonell har teke på seg ei krevjande rolle i jobben med å gje pasientar og hjelpetrengande best mogeleg medisinsk oppfølging og omsorg. Både forsking og mange konkrete røynsle syner at det ikkje er så vanskeleg som vi trur, å få til kreativ omsorg. Ofte er det lite som skal til, men resultatet er stort. Målet med dette temaheftet er å inspirere til ulike aktivitetar, og ikkje minst ønskjer vi at leiinga på institusjonar innan helse og eldreomsorg kan legge til rette for kreative idear og handlingar frå dei til sette. Vi treng oppegåande leiarar som er tydelige på at etiske verdiar veg like tungt som økonomiske. Ein treng ikkje vere kunstnar eller musikar for å gje arbeidet med eldre eller fysisk-og psykisk sjuke eit løft i kvardagen. Mest handlar det om å møte den andre der ho er. Søren Kierkegaard sa det slik: «At man naar det i Sandhet skal lykkes En at føre et Menneske hen til et bestemt sted, først og fremst maa passe paa at finde ham der, hvor han er, og begynne der.» På institusjonar med ambisjonar om å sjå og legge til rette for heile menneske er det oppnådd gode resultat gjennom enkle tiltak. Når menneske med demens får høyre den musikken dei likar, vert dei både trygge og rolige. Folk med psykiske lidingar har fått eit nytt liv gjennom terapiformer som nyttar maling, song, musikk eller drama. Eldre på sjukeheimar og eldresenter har fått eit meir stimulerande og sosialt liv gjennom danse-og kulturtilstellingar. Psykodrama, kunst-og uttrykksterapi og musikkterapi er i ferd med å verte viktige metodar både i helsevesenet og i eldreomsorga. Desse profesjonane gjev viktig inspirasjon, men det viktigaste er kva den einskilde helsearbeidar gjer og kva dei overordna legg til rette for. Kreativ omsorg treng ikkje vere så krevjande. Det er berre ein måte å tenkje på. Kva er det den einskilde har bruk for? Kva er det eg og kollegaene mine kan finne på? Det å ta med ein blome frå hagen og setje på nattbordet til Nils, kan vere ei stor gåve. Karen likar å bli lest for frå lokalavisa, og Jens elskar å danse. Alle er kreative, og dei fleste kan mykje dei ikkje har fått brukt i sin tradisjonelle og travle arbeidskvardag. Om ein berre kunne lyfte hovudet over rutinar og stressande kav, kunne det føre til store endringar for dei tilsette sitt arbeidsmiljø og ikkje minst eit betre livsinnhald for dei som treng omsorga. Kva er din ide? Johnny Daugstad KREATIV OMSORG 3 temahefte-06