Verdig liv på sjukeheimen Fleksibleogmedvitnetilsettekangjeindividuellomsorgsjølvomdei arbeiderieitsystem.Pasientanehardettilfellesatdeitrenghjelp.Elles erdeisværtulike.PåsjukeheimeniMasfjordfårdeidiforleveulikt. STJERNESTUND Dei tilsette ved Masfjorden sjukeheim definerer ei stjernestund slik: Kjenslegmessige, intellektuelle og kulturelle opplevingar som gjev glede, inspirasjon, tryggleik, meistring og velvere. Ei stjernestund for bebuaren er også ei stjernestund for pleiaren. Det er situasjonar som inneber at ingen av dei kan bytast ut. Situasjonen påverkar sjølvkjensla og betrar omdøme og respekt. GRATIS: Gode haldningar kostar ingen ting, meiner Helga Irene Ellingsen, Laila Reknes, Malin Steine og Ørnulf Lillestøl. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: EIVIND SENNESET Før i tida vart alle pasientane dregne med på dei aktivitetane som var på sjukeheimen. – I dag spør me kvar einskild kva han eller ho ynskjer å vere med på, fortel Helga Irene Elling- sen, sjukepleiar og leiar på pleieavdelinga ved Mas- fjorden sjukeheim. Individ på institusjon Malin D. Steine, også sjukepleiar på pleieavdelinga, understrekar at bebuarane har levd ulike liv før dei flytta inn på sjukeheimen. – Det som er felles for dei som bur her, er at dei treng hjelp i ulik grad. Utanom det er bebuarane like ulike som meg og deg. Nokon har vore vande med mykje folk rundt seg og har levd eit svært sosi- alt liv. Andre har for det meste vore åleine. Dei som ynskjer det, kan difor vere på rommet sitt sjølv om det skjer noko på fellesstova. Må vite om livet før Laila Reknes, hjelpepleiar og assisterande leiar på Nystova, demensavdelinga ved sjukeheimen, minner om at det ikkje alltid er opplagt kva bebuaren eigentleg vil. – Det er greitt nok med dei som kan gje beskjed om kva dei ynskjer. Men me har óg bebuarar som av ulike grunnar ikkje kan fortelje oss kva dei ynskjer og vil, seier ho. – Då må me gå ut frå den kjennskapen me har til bebuaren frå før, og det pårørande kan fortelje oss. Dei tre pleiarane er samde om at det er viktig at dei veit mest mogleg om livet til bebuaren før han flytta inn på sjukeheimen. – Me prøver å nytte dei ressursane bebuarane har. Ei er til dømes flink til å lese, og les ofte høgt for dei andre. Ein annan er gamal felespelar. Når han spelar for dei andre her, vert gode minne henta fram. Det hadde knapt hendt om me ikkje hadde kjent til interessene bebuarane har dyrka før dei kjem hit. Fem stjerner For nokre år sidan danna leiinga og dei tilsette ved Masfjorden sjukeheim ei prosjektgruppe for å betre omdøme og auke rekrutteringa. Dei let seg inspi- rere av alt frå reisebrosjyrar til forsking om livs- kvalitet. – Me vart fort samde om at arbeidsplassen vår skulle bli ein femstjernes sjukeheim, fortel pleia- rane. For å gjere sjukeheimen til ein femstjerners 18 VERDIGHET I ELDREOMSORGEN temahefte-18