bustad, oppretta dei eit opplevingsfond. Fondet vert fylt med opplevingar av gode stunder skapt i sam- spel mellom pleiar og bebuar – det dei på Masfjor- den sjukeheim har døypt for stjernestunder. – I opplevingsfondet plasserar me gode opple- vingar som fell utanfor den ordinære drifta, og opp- levingar som er baserte på individuelle ynskje, for- tel Helga Irene Ellingsen. Verdige liv – Me skal leggje til rette for at bebuarane i størst mogleg mon får halde fast ved den identiteten dei har bygd opp før dei kom hit, seier Laila Reknes. – Det biletet dei har ynskt å skape av seg sjølve, er det vår oppgåve å oppretthalde når dei sjølv ikkje lenger klarer det åleine, meiner ho. Som eitt døme nemner ho at den generasjonen som no bur på sjukeheimen, pynta seg på sundagen. – Her skal dei óg få på seg sundagskjole. Det handlar om å framleis vere verdt noko. Me kan ikkje kle dei i joggedress fordi det er lett for oss. Refleksjon Alle tilsette ved Masfjorden sjukeheim er vande med felles refleksjon. Spørsmål om kva som er klokt og mindre klokt, rett og gale, dukkar ofte opp. Dei gjer seg til dømes mange tankar om når det er rett å fjer- ME ER ULIKE HEILE LIVET: Alvhild Midtbø legg seg gjerne nedpå i fellesrommet. Ein person med ein litt uformell stil kan godt gjere det. For andre ville det ha vore eit brot med stilen, meiner Helga Irene Ellingsen. ne ein bebuar frå det offentlege rom, og kva som skal til for at det er betre at han får vere der sjølv om han ikkje nett oppfører seg slik han gjorde i yngre dagar. – Målet er at alle tilsette er medvetne om hald- ningane sine, og at alle her kan reflektere saman med kollegaene sine, seier Helga Irene Ellingsen. Å ha, å elske og å vere – Me baserer oss på Erik Allard si forsking kring livskvalitet, fortel Ørnulf Lillestøl, kommunalsjef i Masfjorden kommune og leiar for Prosjekt Stjernestunder. Den finsksvenske sosiologen meiner at vilkåra for høg livskvalitet er at ein person har naudsynt med materielle godar, og at han har gode kjenslegmessige relasjonar til andre menneskje. Den tredje dimensjo- nen – å vere – omfattar mellom anna identitet, kontroll over eige liv og kva for funksjon ein har for andre personar. – Å vere inneber at ein bebuar eller pasient ikkje skal vere eit nummer eller ein diagnose. Me skal tvert imot prøve å leggje til rette for at han eller ho får halde på identiteten, sjølvkjensla og høve til framleis å dyrke interessene sine og bruke ressursane sine, seier Lillestøl. VERDIGHET I ELDREOMSORGEN 19 temahefte-18