soknepresten i Trefoldighetskirken i Oslo. Som øvste instans valde Kyrkjerådet den mannlige prosten i Mandal som nektar å gifta fråskilte. Mens den tapande kandidaten, som er ei skilt kvinne, veka etterpå blei tilsett som domprost i Oslo av dei lokale kyrkjeorgana der. «Folk vil itte at kjerka skal bli tatt fra dom.» Det var administrasjonsminister Rigmor Aasruds ord då ho tok mot Stålsettutvalet si utgreiing om «en helthetlig trosog livssynspolitkk». (NOU 2013:1. Det livssynsåpne samfunn). Statskyrkja låg under hennar departement fordi verken kulturminister Huitfeldt, som oppnemnde utvalet, eller kulturminister Tajik, som tok mot innstillinga, var medlemmer av Dnk. Nå er regjeringas befatning med alle trusog livssynssamfunn, hvori opptatt Dnk, samla under Thorhild Widvey i Kulturdepartementet. Men sjølv om alle trusog livssynsamfunn er i same departement, og sjøl om Grunnova er endra og andre lovar og ordningar og institusjonar må endrast for å vera tilpassa eit nytt mangfald, kjem dette landet i uoverskodelig framtid til å vera prega av tusen års kristendom, fem hundre års luthersk statsreligion og 50 års sosialdemokratisk velferdskyrkje. Og du skal ikkje grava særlig djupt i oss norskingar, heller ikkje i dei mest fritenkarske mellom oss, før du finn ein sekulær lutheranar i tankar, ord og gjerningar. Med sterke føringar frå språkets og ordas makt, myter, metaforar og mentalitet, med hang til individuelt ansvar og samvittighet, men også til kollektive fellesløysingar, rasjonell argumentasjon, arbeidsmoral og betydelige dosar puritanisme. Også dei gudlause her i landet er etniske protestantar med heim i ein tradisjon som er sprungen ut av ei tru dei ikkje deler. Derfor er religiøs analfabetisme skummel, for då forstår vi verken oss sjøl, vår eigen kultur eller andre og meir sterktruande. temahefte-33