NasjONaL DUgNaD fOr fagbreV dugnad for fleire fagbrev – Mange kan mykje sjølv om dei ikkje har papir på det, meiner Brit Flatås. unikT og posiTiVT: – det er flott å vere med og løfte kompetente ansatte fram til fagbrev, syns brit Flatås, ved karrieresenteret i Verdal. (Foto: THor nieLsen) Med prosjekt Fagbrev på jobb er det no mogleg for praksiskandidatane i Nord-Trøndelag å ta fagbrev i helsearbeidar-eller i barne-og ungdomsarbeidarfaget. Mange av dei går heller ikkje ned i løn. Brit Flatås ved Karrieresenteret i Verdal er ei av dei som legg til rette for at kvar og ein skal komme i mål. Tilbyr fleire samtalar Brit Flatås har vore på mange verksemder og møtt elevane på deira eigen arbeidsplass. Dei fleste kandidatane har også vore innom karrieresenteret. – Vi fylgjer alle elevane tett, og vi reknar med at kvar og ein treng to eller tre karrieresamtalar undervegs, seier Flatås. – Når eg seier tett oppfølging, meiner eg det, så viss nokon skulle trenge fleire møte, får dei det, legg ho til. For karriererettleiaren veit at det er minst ein grunn til at folk ikkje har tatt fagbrevet. Nokre fekk tidleg avsmak for skulen, andre blir skremde av Blir løfta Karriererettleiar Brit Flatås meiner dei 67 praksiskandidatane i Nord-Trøndelag fortener å bli løfta fram som ei verdfull arbeidskraft. – Vi må sjå at dei har viktig kompetanse, og vi må verdsetje han, seier ho. Det gjer ho og kollegaene hennar ved Karrieresenteret i Verdal. Men for at kandidatane skal få kompetansen formalisert i form av fagbrev, er mange partar med på laget. Nokon treng mykje teori, andre lite. Dei fleste treng også ulik praksis over lang eller kort tid. Heildigital undervisning Den teoretiske undervisninga for praksiskandidatane er heildigital. Skulane nyttar fagstoff på nettet samt oppgåver knytt til ulike tema. Flatås hadde venta at det ville bli eit problem for mange. Men også der var kompetansen høg. Elevane finn undervisningsmateriell på ei nasjonal nettside, og dei finn oppdatert informasjon om prosjektet i sitt fylke og på facebook. – Det som derimot har vore ei utfordring, er manglande dokumentasjon på tidlegare jobbar. Mange arbeidsgjevarar skriv knappe attestar utan naudsynte opplysningar om innhaldet i stillinga, seier ho. skjema, og så er det alle dei som utsett det til ein annan gong. Og plutseleg kjennes det som det er for seint. – Vi prøver å rettleie dei over tersklane og gjennom jungelen, seier Flatås. Enorm kompetanse Ein av praksiskandidatane i Nord-Trøndelag hadde arbeidd i heile 32 år. – Mange av kandidatane har skaffa seg ein enorm realkompetanse, og i mange tilfelle er det lite som skal til før dei kan gå opp til fagprøve, seier Brit Flatås, som tykkjer det er kjekt å hjelpe dei den siste biten mot fagbrev. Ifølgje karriererettleiaren er det ikkje berre praksiskandidatane sjølve som har nytte av prosjektet. For kommunane og fylket er det også viktig å auke formalkompetansen. – Å tilføre arbeidsplassane meir kompetanse er eit anna mål. Nord-Trøndelag er eit fylke med lågt utdanningsnivå, og 67 nye fagbrev er stort her, seier ho. No håper ho at så mange som mogleg har tatt fag- brevet våren 2014, eller at dei er på god veg. 32 temahefte-35