DIgItaLIserINgeN erObrer sykeHJemmet Tryggare kvardag Berre ein GPS er framleis i bruk av dei Ulstein kommune delte ut. Likevel er både Botnen og Muren begeistra og meiner det berre er eit spørsmål om tid før teknologien er forbetra og GPSsporing kan brukast av fleire. Særleg vil det auke livskvaliteten for fysisk spreke demente, som då kan bu heime lenger og får bevege seg fritt slik dei gjorde før dei vart sjuke. Også pårørande får det lettare når dei slepp å bekymre seg heile tida. Det er gjerne dei som er pådrivarar for å prøve sporing. – Men ein GPS kan ikkje hindre skader, ulykker eller at du går deg vill. Den kan berre gi tryggleik for at du blir funnen dersom noko skjer, påpeikar Muren. Juss og etikk I juni 2013 vart det vedtatt ei lovendring i pasientog brukarrettslova som opnar for å bruke sporingog varslingsteknologi for menneske utan samtykkekompetanse. Endringa vart gjort gjeldande frå september same året. Bakgrunnen er eit ønskje om å regulere og å auke bruken av slik teknologi i helseog omsorgssektoren. Målet er å bidra til auka livskvalitet, verdigheit, sjølvstende og fridom for den enkelte brukar, og sjølvsagt også tryggleik både for dei og dei pårørande. Både helsesjef Marit Botnen og avdelingsleiar Gunn Helen Muren avviser at bruk av GPS er overvaking og eit alvorleg inngrep i privatlivet til brukarane, dei meiner erfaringa viser at det er tvert om: Kun positive tilbakemeldingar – Der det har fungert får vi eintydig positive tilbakemeldingar. Dette er strengt regulert og det må gjerast grundige vurderingar i samråd med pasienten og dei pårørande før det blir fatta eit vedtak om bruk av GPS, seier Botnen. Ho understrekar at velferdsteknologi aldri skal kome i staden for hjelpande hender, den skal vere eit supplement. – Folk vil ha det trygt, bu heime så lenge som råd og vite at dei får hjelp når det trengs. GPS kan vere eit slikt hjelpemiddel for somme, på same måten som komfyrvakt og tryggleiksalarmar, seier Muren. Både ho og Botnen trur mange allereie brukar sporing ved hjelp av mobiltelefonar, utan å involvere det offentlege helsevesenet. – Ein 80åring for ti år sidan og ein 80åring i dag er svært ulike. I dag er mange av dei eldre vande med mykje moderne teknologi. Det er når dei ikkje meistrar mobiltelefonen sin lenger at GPS kan vere eit enklare alternativ som gir tryggheit, seier Botnen. trYgg FriDom: Behovet for å kome seg ut blir ikkje borte om minnet sviktar. mange demente blir rastlause og treng å røre på seg også når ingen kan vere med. sporing med gPs kan gi fridom og hindre store leiteaksjonar. temahefte-36