fagLeg INNspeL løyvinga på vel 100 millionar kroner. I tillegg får studentar som er medlem i Fagforbundet, stipend. Det finst ikkje så mange vitenskapelege studiar av kva fagskoleutdanning i helsefag betyr i arbeidsfeltet, det vil seie i kommunanes helse og omsorgstenester og i sjukehus. KS har gjennomført eit FoUprosjekt (red.anm. forskning og utvikling) som tyder på at det er stor variasjon i kva grad kommunane kjenner til fagskoleutdan ning. Det er og eit spørsmål om dei har strategiar som inkluderer fagskoleutdanning. Likevel meiner dei fleste at fagskoleutdanning er viktig for å heve kompetansen til dei tilsette og utvikle og forbetre tenestene. Stadig fleire unge tek bacheloreller masterutdanning på høgskole eller universitet. Det er bra, men samfunnet treng også den yrkesfaglege kompetansen til fagarbeidarane. For at ungdom skal finne yrkesfag like interessant som høgskoleutdanning, må det finnast karrierevegar og måtar å byggje kompetanse på som gir utteljing. Fagskolane er nettopp yrkesretta alternativ til høgskole. Det må dessutan utviklast gode overgangar mellom systema. Dei kommunale helseog omsorgstenestene står overfor utfordringar med å tiltrekkje seg nok personell med rett kompetanse. Stadig meir komplekse helseog omsorgstenester skal ytast i kommunane, og pasientar og brukarar har samansette behov. Dette krev mykje av alle som jobbar der, og ingen kan rekne med å vere ferdig utlært etter avslutta grunnutdanning, uansett kva nivå den er på. Styrken til fagskolen er at den har ein kunnskapsbase som er erfaringsbasert og praksisnær. Samtidig skal den bruke forskingsresultat og annan kunnskap til å utvikle nye arbeids metodar og god praksis. Dette er kompetanse som arbeidslivet etterlyser. Fagforbundet jobbar for å løfte yrkesfaga og sørge for at den kompetansen ein fagarbeidar har, blir verdsatt og utvikla. «Kunnskapssamfunnet » betyr ikkje at alle skal ha mastereller doktorgrad. Kunnskapssamfunnet betyr at alle arbeidstakarar må utvikle sin kompetanse i samsvar med endra behov i arbeidsliv og samfunn – gjennom heile yrkes livet. Fag skolen er eit viktig virkemiddel for å sikre at faglærte også får den muligheita. temahefte-47