LEDER Ungt blod LO i Kongsberg har alltid vært styrt av menn. Nå har 24- åringen Ingunn Hagen Våer klatret til topps i fagbevegelsen i gruve- og våpenbyen. 20 > TEMA LAYOUT Knut Erik Hermansen knut.hermansen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 70 Heli Kankaanpää heli.kankaanpaa@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 69 REPRO/TRYKK Aktietrykkeriet AS ANNONSER Lillian Lindberg lillian.lindberg@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 46 Elektronisk materiell sendes til annonser@fagforbundet.no Faks 23 06 44 07 KONTROLLERT OPPLAG 1. HALVÅR 2006: 297.527 www.fagbladet.no BESØKSADRESSE Keysers gt.15 Oslo Foto: June Witzøe Nei til sexkjøp Ungdom i Fagforbundet vil kriminalisere horekunden. Fagbladet har også intervjuet flere kjendiser om sexkjøp. Sverige kriminaliserte horekunden i 1999, og det overraskende resultatet er at færre menn kjøper sex i dag enn før. I Norge går foreløpig horekundene fri. All makt i denne Børs Samanslåinga av Statoil og Hydro er ei gåve til aksjonæ- rane og selskapa sine fyrstelege direktørar. Det nye sel- skapet vert så stort at finansielle og industrielle avgjerder fort får nasjonale og internasjonale dimensjonar. Avgjer- dene i storselskapet sine styrerom vert samfunnøkono- misk avgjerande og kan legge sterke føringar for norsk utanrikspolitikk. Kven har så vedteke å skipe denne økonomisk og politisk dominerande giganten? Stortinget? Regjeringa? Leiinga i dei tre regjerings- partia? Nei, dette er det direktør- og styreadelen i dei to selskapa som har vedteke. Sjølv om statsministeren var orientert, var det langt frå det ein kan kalla ein demokra- «Klarare enn nokon gong viser dei nye adels- direktørane makta si.» tisk prosess. Men det kan vel vere ei trøyst at arbeidet med fusjonen låg klart innanfor børsreglementet. Fordi nokre få direktørar frå den nyrike adelen i statseigde selskap vart einige bak attlatne dører, er det vedteke at mange framtidige store og viktige politiske avgjerder skal løysast bak attlatne dører, langt frå Stortinget og det offentlege ordskifte. Stoltenberg-regjeringa har nett lagt fram ei eigarskaps- melding som signaliserer meir aktiv politisk styring av statseigde selskap. Fagrørsla såg for seg ein sunn og god næringspolitikk som kunne kombinerast med rettferdig fordeling, likestilling og gode velferdsordningar. Men røynda ser ut til å vere det motsette. Klarare enn nokon gong viser dei nye adelsdirektørane makta si. Hydro sin toppsjef, Eivind Reiten, understrekar at eit børsnotert selskap berre skal ha eit mål: Å maksimere langsiktige aksjonærverdiar for alle aksjonærar. På heilt lovleg vis har han gjennom si politiske karriere og gjennom toppjobbar i Hydro hamna i posisjonar der han har gjort seg sjølv til millionær. Berre fusjonsvedtaket åleine gjorde at Reiten sine aksjeopsjonar auka med sju millionar kroner. Direktør Eivind Reiten har vore særs klår på at han ikkje vil la seg presse av politiske signal, og står til dømes steilt på at Statoil/Hydro skal få eit nytt namn, om politikarane likar det eller ikkje. «All makt i denne sal» gjeld ikkje lenger for Stortinget, men i salen på Oslo Børs... JOHNNY DAUGSTAD ANSV. REDAKTØR 8 > Fagbladet 1/2007 > 3 Foto: Scanpix fbaargang2007 fbseksjonKON