AKTUELT TI NYE BILAR: Jon Ellingsund (t.h.) er nøgd med at fagforeininga endeleg har fått gjennomslag for innkjøp av nye ambulansar. Styremedlem i Helse Førde, Kjell Nygård, veit godt at slike investeringar sit langt inne. Hjelper å vere påliteleg Helse Førde har teke tilbake ambulansen, og fleire tilsette har fått full stilling. Foreininga for ambulansepersonell i Sogn og Fjordane er i vekst. Dei har opplevd ein jamn auke siste året, og har no over 60 medlem- mer. Mellom dei som ikkje er med i Sjukepleiarforbundet, er over halv- parten organiserte i Fagforbundet. Ralf Einar Johannessen, opplæ- ringsansvarleg i Fagforbundet Sogn og Fjordane, trur veksten i stor grad skuldast at både Jon Ellings- und og Kjell Nygård driv aktiv verving og god medlemspleie. – Dei er seriøse, ærlege og ryddige. Då får folk tillit til oss, meiner Johannessen. Ellingsund er tillitsvald i Prehospital klinikk, medan Nygård er føretakstillitsvald i Helse Førde. God kontakt – Alle medlemmene ligg inne med e-postadresse hos oss slik at kommunikasjonen går fort og greitt. Når folk tek kontakt, får dei rask tilbakemelding – gjerne same dagen, fortel Ellingsund. Direkte kontakt med medlem- mene er sjølvsagt også ein viktig del av medlemspleia. Styremed- lemmene i foreininga var difor innom alle stasjonar og institu- sjonar i fjor. Også denne foreininga har merka at KFO har gjort sine fram- støyt, og nokre medlemmer har gått over dit. – Men når kvardagen kjem, og folk merker at vi stiller opp for dei, er det mange som kjem attende. Viktige framsteg Ralf Einar Johannessen meiner også at Fagforbundet har fått eit godt omdøme på grunn av arbeidet med å få ambulansen attende til helseføretaket. Det har dei lukkast med. Foreininga har også lukkast i arbeidet med å skaffe fleire medlemmer full stilling. – Før hadde mange 50–60 prosent stilling. No er det ikkje så mange slike stillingar att, seier Nygaard. Det som krev mest av foreininga no, er arbeidet med vaktordningar. – Føretaket har mange små stasjonar med mykje overtid. Me bruker difor mykje energi for å få arbeidsgjevar til å fylle ubesatte stil- lingar og utarbeide høvelege vakt- ordningar. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN Trivselspris til vaskeri- ansatte De to ansatte på vaskeriet i Spyde- berg kommune i Østfold har fått kommunens trivselspris for 2006. Blide damer med stor service- innstilling fortjener å bli satt pris på, mente mange av kollegene i kommunen. Arbeidsmiljøutvalget hadde fått inn mange kandidater. Resultatet ble at teknisk utedrift fikk arbeids- miljøprisen, mens de ansatte på vaskeriet på Grinitun, Mia Johansen og Gunn Holli fikk trivselsprisen. Prisen var et diplom og tusen kroner på deling. Heder og priser ble delt ut på en hyggelig jule- tilstelning for de ansatte rett før jul, skriver Smaalenenes Avis. PF 28 > Fagbladet 1/2007 fbaargang2007 fbseksjonSAM