LES! Korleis skapar me ein kulturbarnehage? Kva kultur er det me ønskjer at barna våre skal lære? Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, kor hentar barna opplevingar frå? NÅR MAMMA SPRUTAR ELD «Da Åkes mamma glemte alt» av Pija Lindenbaum Biletbok N.W Damm & Søn AS, 2006 Åke bur saman med mamma, som har mykje å tenkje på. Det er mykje stress heime hos dei om morgonen, for dei skal rekke mykje før dei spring til barnehagen. Men ein dag har mamma blitt heilt forandra. Ho er blitt til ein drake! Og draken hugsar ikkje noko av det ho må hugse eller gjere. Ho lagar ikkje frukost, og når mobilen ringer, trampar ho berre på han. Åke tar mamma med i dyrehagen, til sjukehuset og til mor- mor. Overalt oppfører mamma seg rart, ho sprutar eld og er i det heile ikkje seg sjølv. Men mormor trøystar Åke og seier at det går nok over. Og sjølv om mamma er ein drake, så er ho jo mamman hans. «Da Åkes mamma glemte alt» er ei fin og absurd kvardagshistorie som det er lett å kjenne seg igjen i. Teikningane av Åke og mora er morosame og utvidar den sorgmuntre forteljinga om ei superstressa mor på ein glimrande måte. Ragnhild Margretha Taranger PiRion-kurs Om kurset Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i barne- hage og småskule og elles andre som arbeider med små barn. Kurset skal vere med å bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidle og syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette. Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid. Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Pris per kurs: Frå 12 500,- pluss reiseutgifter til kurshaldar. Om Pirion Stiftinga Pirion gir ut kulturavisa Pirion fire gonger i året. Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg. Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement. Om kurshaldarane Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt. Kontakt: Vil du tinge kurs eller få meir infor- masjon, ta kontakt med redaktør for Pirion: Toyni Tobekk tlf: 52 79 04 82/ 98221410 (måndag til torsdag mellom 9 og 15) epost: pirion@norsk-plan.no PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. www.pirion.no PIRIONERSTØTTAAVNORSKKULTURRAD    PIRION01/2007,8.årgangen–ISSN1502-3036 Utgivar:StiftingaPirionAdresse:Pirion,NæringsbedetiVatlandsvåg,4235HebnesTlf:52790482, faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.noFormgjeving:SalikatDesign fbaargang2007 fbseksjonKIR