Buster og Besta på Ødemark Låtten sit i øyro lenge etter eit møte med Lilly. Ho ler mest heile tida. Mest av seg sjølv. Men òg av meg og mange andre ho har treft. Ho ler til dømes av alle dei framand- folka som har sete på med henne i denne vesle Yarisen. Folk som ikkje kjenner seg trygge på den smale vegen frå 1920-talet med berre nokre låge, puslete kantsteinar mellom bil og stup. – Eg plar seie: Det er på vegen me køyrer, ler Lilly. Og dermed må me andre skjøne at sjølv om bilen er liten og farten kjennes stor, så er det inga fare. Etter ei dryg mil frå næraste busstopp i Vadheim, gjennom Guddalen, forbi barndomsheimen hans Herbjørn Sørebø, ender me til slutt på Ødemark gard. Her lever Lilly saman med Buster. På denne turen har Lilly peika og preika. Og eg blir klokare for kvar kilometer. Eg lærer ein del om distrikta. Kanskje meir enn eg har gjort i alle dei åra eg har sete på kafé og lese aviser inne i hovudstaden. Her budde og levde ei ungjente heilt til ho fekk blindtarmbetennelse. Men vegen til hjelp og operasjon var for lang. – Før var det dyr på alle garder. På 1980-talet hadde me 70 geiter på Ødemark. Og 3000 jordbærplantar. Sidan 1980 har Lilly drive bibliotek- filial i Guddalen. Og dei siste ti åra har ho òg arbeidd i open omsorg, i Dale, kommunesenteret, mest kjend for Jakob Sande og I morgon vil eg byrja eit nytt og betre liv, trur eg... Men alt er ikkje til å le av. Ho blir alvorleg når ho minnes mannen ho var gift med. Han som ein dag gjekk ut og lat att døra etter seg... No er det fem år sidan. Etter den dagen har det vore Buster og Besta. Lilly er heller ikkje blid når ho snak- kar om korleis folk flest ser på menneske med vektproblem. Ho seier sjølv at ho er for tjukk, og ho skulle gjerne fått møte eit helsevesen som tok problemet på alvor. Livet på Ødemark er ikkje så lite fargerikt. – Eg er lilla. Eg kjem aldri heilt ut av det lilla, seier Lilly. For tjue år sidan byrja ho med lappeteknikk. Då var dei sju som gjekk på kurs. No er det berre Lilly igjen. Men ho bytter lappar med folk over heile verda. Så sjølv om ho sit åleine og syr, er det ein sosial geskjeft. Sist sommar dekorerte ho hus, stabbur og gjerde med store og små tepper. Dottera selde vaflar og kaffi. To systrer kom frå Bergen for å selje teppa. Og 150 besøkjande kom frå Dale og Førde for å sjå og kjøpe. Når ho ikkje syr eller arbeider, går ho på kurs. – Eg elskar å gå på kurs. Folk møtes med felles interesse. Det blir eit felles- skap av det, og det fellesskapet fasci- nerer meg, seier ho. – Det er derfor eg no tek kurs for tillitsvalde Fase 2 – i ein alder av 62 år! Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN Lilly Ødemark JOBBLIV Alder: 62 år Yrke: Omsorgsarbeidar og bibliotekar Jobbstad: Fjaler kommune Sivil status: Enke, to born, seks barneborn og hunden Buster Fritid: Ymse kurs og lappeteppe Fagbladet 2/2007 > 63 fbaargang2007 fbseksjonKON