> Det er sterkt å besøke Rahila, mannen hennar og dei to borna. Dei har lite å rutte med, men har skapt ein god og varm heim. Vi skal bu hos dei nokre dagar, to norske rikingar med rygg- sekkane fulle av ting. Berre fotoapparata våre kostar to årsløner, pengar den vesle familien ikkje har. Likevel tek dei vare på oss som grevar og får oss til å føle oss svært velkomne. I Aserbajdsjan er gjestfri- dommen omvend propor- sjonal med levestandarden. Fjellandet, som flyter over av olje og gass, tek dårleg vare på innbyggjarane sine. Rahila er utdanna lege og bur i kurbyen Naftalan, men har ikkje råd til å jobbe. Med ei legeløn på 130 kroner i månaden tener ho ikkje nok til å betale for barnehage- plass til dei to borna. Før 1991 var Aserbajdsjan ein del av Sovjetunionen, og russarane kom i hopetal til Naftalan. Det var ni kurbad her den gongen. No er berre tre i drift, og skjeletta etter byggjeaktivitet og framtidstru står attende der snekkarane la ned verktøya sine. FOTOREPORTASJEN Tekst og foto: MARIT BENDZ og HEIDI HATTESTEIN fbaargang2007 fbseksjonSAM