ILDSJELER: Kari Daltveit (t.v.) og Tone Gjelsvik Sellevold. Ressursgruppa vende seg difor til ulike verksemder i kommunen og bad om støtte til innkjøp av leiker. – Me fekk både leiker og penge- gåver, fortel Daltveit. Særleg moro- samt tykte ho det var at dei ein gong fekk besøk av ein heil barnehage som kom for å gje leikar. – No har me mykje leiker til borna – til og med tv med dvd og playstation, seier ho. Når det no kjem eit born inn som pårørande, kan pleiarane ta han eller ho med seg på leikerommet, eller dei kan hente leiker til rommet der far eller mor ligg. Ser bornet Gjelsvik Sellevold og Daltveit under- strekar at det er viktig at ungane kjenner seg velkomne når dei kjem til sjukehuset. – Og det er som regel så lite som skal til for å gjere situasjonen litt lettare for borna. Det er sjeldan naud- synt med store tiltak, seier dei. – Vi ser bornet og seier det er flott at han eller ho er her, legg Daltveit til. Og med leikar tilgjengeleg vert det straks lettare for eit born å tru på slike ord. Rutine Alle avdelingane har no innarbeidd rutinar for spørsmål om born når dei får inn pasientar med ein alvorleg sjukdom. – Me spør alltid om pasienten har ungar, og om skule og barnehage kjenner til situasjonen. Det kan vere greitt at dei som har å gjere med borna, er informerte slik at dei skjøner kva som går føre seg om bornet endrar seg, meiner Daltveit. Gjelsvik Sellevold og Daltveit tykkjer det er nyttig at spørsmål om born har vorte ein del av rutinane for dei tilsette. Støtte Pleiarane ved sentralsjukehuset i Førde tilbyr også foreldra rådgjeving og støtte til å informere borna og deira nettverk, i ei tid då dei kanskje har meir enn nok med seg sjølve. Avdelingane har også filmar, bøker og brosjyrar til hjelp for foreldre. > RESSURSGRUPPE FOR BORN OG UNGDOM • Eit samarbeidsprosjekt mellom Førde sentralsjukehus og Kreftforeininga. • Består av personale ved åtte avdelingar, samt ein rådgjevar frå Kreftforeininga. • Skal hjelpe alvorleg sjuke foreldre til å ta vare på borna sine. Dei arbeider også for at borna skal kjenne seg velkomne til avdelinga. • Ressurspersonane på kvar avdeling kan stille opp med kunnskap og støtte til kollegaene sine når dei står i situasjonar med familiar som er råka av alvorleg sjukdom Fagbladet 3/2007 > 39 fbaargang2007 fbseksjonHEL