Klosteret barnehage, avd. Kalmargaten: • Utgjer den eine av to avde- lingar i ein kommunal barne- hage midt i Bergen sentrum • Atten barn mellom tre og seks år går i avdelinga i Kalmargaten. Av desse har sju ungar ein annan kulturell bakgrunn enn norsk. • Barnehagen er tufta på Reggio Emilie-pedagogikk, og drama er mykje brukt. • To morsmålslærarar og ein iransk assistent er mellom dei som arbeider i barnehagen. • Får støtte til ekstra satsing på kultur gjennom prosjektet Den kulturelle bæremeisen. Set ord på alt..norske barneverda. To gutar i sjørøvarkostyme kjem springande ned trappa i det høge, smale, gamle og sjarmerande trehuset i Kalmargaten, der den eine av to avdelingar i barnehagen held til. Kommuniserer med drama Ungane får halde fram leiken med assistentar og studentar, medan Trude tek med seg støttepedagog Yvonne Bakken og journalisten opp dei knirkete trappene til kontoret i øvste etasje. Dei to tilsette fortel om ein aktiv barne- hage med stor kulturinteresse. - Vi er flittige brukarar av alle tilboda her i byen. Vi er mykje rundt i smitt og smau og parkar, fortel Yvonne. - Vi går også på kulturinstitusjonar, museum og på byfjella, føyer Trude til. Den kommunale sentrumsbarnehagen bru- ker ein god del drama i det pedagogiske opp- legget. Dette fungerer bra med tanke på det fleir- kulturelle miljøet. - Drama er ei god kommunikasjonsform. Det fungerer særskild bra for barn med dårleg språk, seier Yvonne. - Med bruk av kostyme kan me konkretisere og gjere ting forståelege, utdjupar Trude. Dei ramsar opp alle ungane i barnehagen som har ein annan kulturell bakgrunn enn norsk: halvt meksikanske Alma, halvt rumen- ske Bianca, albanske Nderim, irakiske Mustafa, iransk-vietnamesiske Babeuf, Himmel frå Bangladesh, i tillegg til ein gut som er halvt filippinsk. - Vi må vere ekstra medvitne når vi har leik og samlingar. Vi har ofte avanserte drama- leikar, og då må vi passe på så desse ikkje blir for språkleg orienterte. Nokre av ungane kan ikkje eit ord norsk når dei byrjar her, seier Yvonne. Dyktige observatørar Å lære ungane norsk er ein sentral del av job- ben til dei barnehagetilsette. Dei to pedago- gane verkar kunnskapsrike når dei snakkar om temaet, men fortel at det meste har dei lært av røynsle. Nokre kurs har dei likevel vore på, og noko kunnskap har dei frå utdanningane sine. - Vi må setje ord på alt som skjer rundt ungane, forklarer Yvonne. © Ingrid Hillestad fbaargang2007 fbseksjonKIR