Iranske Armin er lærling i barnehagen. Han ønsker å jobbe med barn og musikk i framtida. ...kastar du apen? - Ungane bablar og bablar. Vi grip fatt i det ordet vi forstår og pratar rundt dette, seier Trude. Det er ein energikrevjande prosess for ungane som held på å lære seg norsk. Dei to pedagogane fortel om ei serbisk jente som sovna overalt fordi ho blei så utmatta av språk- læringa. - Desse ungane bruker enormt med energi på å observere. Dei bruker alle sanser og mykje konsentrasjon. Dei blir utruleg dyktige på å lese og tolke ulike situasjonar, held Yvonne fram. Vanskelege stev Misforståingar, som kan vere meir eller mindre morosame, dukkar stadig opp. Som då ungane heldt på å lære norske stev, og ein av dei framandspråk- lege misforstod teksten. Han blei ståande ute på gata og synge høgt: «Har du sett barten til kjerringa mi?». Ein annan gong byrja ein av ungane å skrattle då ei av dei tilsette sa ho skulle opp på kontoret. Han hadde aldri høyrt ordet kontor før, eit ord han syntest var frykte- leg morosamt. Mindre kjekt var det då ein svært religiøs muslimsk far fekk vite at sonen hans hadde ete kalkunpølse då barnehagen var og grilla på Fløyfjellet. Dei tilsette trudde dei hadde sitt på det tørre ved å gje ungane som var muslimar, pølse utan svin, men kalkunpøl- se var i følge denne familien si religiøse over- tyding ikkje velsigna mat. - Vi har også opplevd å måtte setje oss inn i andre skikkar i samband med eit plutseleg dødsfall, fortel Trude. Barnehagepedagogane måtte kontakte Muslimsk senter og imamen der då ein av ung- ane i barnehagen mista ein nær pårørande. På denne måten lærte dei mykje om muslimske religionar sitt syn på død, som på mange måtar er meir positivt enn vårt, fordi den døde blir sett på som utvald. Vi er nede hos ungane igjen og det nærmar seg middag. - Kastar du apen, spør Trude halvt rumenske Bianca, medan ho spring rundt på golvet og hiv ei tøyape i veret. © Ingrid Hillestad fbaargang2007 fbseksjonKIR