Korleis skapar me ein kulturbarnehage?
Kva kultur er
det me ønskjer at barna våre skal lære?
Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie,
kor hentar barna opp- levingar frå?
Hunden Parabol tenkjer på månen Av Mary Bente Bringslid Det Norske Samlaget 2006
Kommoden ser liten og skuffa ut Der han står midt på plenen Han brukte å vere på soverommet, No er han kasta på dør
Lure vers om små ting. Møt ein skuffa kommode, ein mann med våt hatt, hundens tankar om månen og ei heil røys med stein. I Mary Bente Bringslid sine dikt ser vi verda nedanfrå, gjennom små dyr og ting.
Dikta er morosame og tøysete, men samstundes poetiske og underfundige i observasjonane sine av kattar, blomar og bussar. Bringslid svingar også opp med imponerande heilt nye ord som til dømes kråkesmell, bussleksi, snusefred og pinnoteket.
Hunden Parabol tenkjer på månen er ei bok med mange kvalitetar, med dikt både små og store kan ha glede av ikkje berre ein gong, men igjen og igjen.
Så fin mage har du nok aldri sett, Og endå er eg like fin på andre sida!
Ragnhild Margretha Taranger
PiRion
Prikk og Flekk snør ned Prikk og Flekk bakar Av Lena Geffenblad, omsett av Frode Grytten
Mangschou Forlag 2006
Prikk og Flekk er to gode venner som blir svært svoltne ein dag både magen og matskapet er tomme. Då er det berre ein ting å gjere: Her må bakast. Og når dei er ferdige med bakinga, er det ikkje lett å sjå kven som er prik- kete og kven som er flekkete lenger.
Etter eit bad smakar det ekstra godt med heimelaga bollar. Når historia er slutt, kan ein finne fleire gode oppskrifter bak i boka.
I Prikk og Flekk snør ned blir livet litt meir dramatisk då den eine av venene blir borte i snø- stormen. Men dei to venene finn saman att, og snart er dei tørre og varme og glade att.
Denne nye svenske duoen er eit koseleg par som dei små sik- kert vil synest vel om. Men det er ikkje til å kome forbi at ein samanliknar dei med Bø og Bæ, og i så måte blir dette kanskje litt vel enkelt?
Toyni Tobekk
www.pirion.no
PiRion-kurs
Om kurset
Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i barnehage og småskule og elles andre som arbeider med små barn.
Kurset skal vere med å bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidle og syne korleis den lokale kul- turen og historia er eit godt grunnlag for dette. Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid.
Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Pris per kurs: Frå 12 500,- pluss reiseutgifter til kurshaldar.
Om Pirion
Stiftinga Pirion gir ut kultur-
avisa Pirion fire gonger i året. Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg. Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement.
Om kurshaldarane
Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt. Kontakt:
Vil du tinge kurs eller få meir informasjon, ta kontakt med redaktør for Pirion: Toyni Tobekk tlf: 52 79 04 82/ 98221410
(måndag til torsdag mellom 9og15) epost: pirion@norsk-plan.no
Tips oss på pirion@norsk-plan.no
Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om.
PIRIONERSTØTTAAVNORSKKULTURRÅD PIRION01/2007,8.årgangen–ISSN1502-3036 Utgivar:StiftingaPirionAdresse:Pirion,NæringsbedetiVatlandsvåg,4235HebnesTlf:52790482, faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.noFormgjeving:SalikatDesign
LES!
fbaargang2007 fbseksjonKIR