GRASROTOPPRØR Dette er UnitedHealth UnitedHealth Group er verdas største helsekonsern, med base i Minnesota. Dei har 55 millionar kundar/pasientar. Omset- ninga i 2005 var på 275 milliardar kroner. Dotterselskapet UnitedHealth Europe vart etablert i 2003, og er på full fart inn i britisk helsevesen. Dei har ikkje tenkt å stanse der. «Formålet vårt er å hjelpe (...) europeiske helsetenester til å møte og overgå dei stigande forventningane til pasientane mens vi held tenestene rimelege og reduserer skil- nader i helse,» skriv dei på heimesida si. Eksklusive rettar Karen Jennings, europeisk fagrørsles fremste tillitsvalde for helsearbeidarar, åtvarar mot ei storstilt snikprivatisering av det britiske helse- vesenet med UnitedHealth som sentral aktør: – Det har vore ein interessant prosess. Dei har lagt stor vekt på å møte oss på ein positiv måte. Samtidig ser vi korleis dei som privat, profittmotivert selskap får tilgang til store offentlege midlar. Eit ferskt døme er løyvinga på 50 millionar kroner for å utvikle eit system som skulle redusere talet på sjukehusinnleg- gingar for eldre. Ein ting er at systemet viste seg å ikkje fungere. Ein annan er at United- Health har alle rettane. Dermed hadde det britiske helsevesenet måtta kjøpe systemet dei sjølv hadde betalt for å få utvikla, dersom det hadde vist seg å vere vellykka. Ikkje berre ein gong, men på kvar plass dei ville ta det i bruk. Enorme summar Primærlækjaren Elizabeth Barrett føyer til: – Reformene i helsesektoren har lagt alt til rette for at UnitedHealth skal kunne bli stor- leverandør. Dei gjer det mogleg for dei kommersielle storaktørane å hente tenester ut av sjukehusa slik at dei kan sikre seg ein stadig større del av det britiske helsebud- sjettet på 970 milliardar kroner. Før UnitedHealth fikk telt til tre, hadde ho og hennar allierte funne ein paragraf i lovverket som slo fast at AKSJONIST: Pensjonist Gerald Gilbert meiner underskotet i helsevesenet er ein fiksjon, og fôrar alle som vil med alternative reknemåtar. styresmaktene faktisk plikta å innhente meininga til lokalbefolk- ninga før dei delte ut slike oppdrag. Med paragrafen i handa gjekk Pam til sak. Og vann! Ny runde Der står saka i dag. Det regionale helsekontoret som hadde delt ut oppdraget til UnitedHealth, måtte finne seg i å starte heile tildelings- prosessen på nytt. – Men dette handlar sjølvsagt ikkje om vesle Langwith, slår Elizabeth Barrett fast. Ho har vore lækjar i Shirebrook i ei årrekkje, og var mellom dei som leverte tilbod om å drive senteret i Langwith. Difor er ho part i saka. Det løyner ho heller ikkje. Men ho er også tilhengar av eit offent- leg helsevesen, i England betre kjend som National Health Service, NHS. No meiner ho reformene legg til rette for store, private selskapa. – Då vi undersøkte den første til- delinga, oppdaga vi at UnitedHealth Europe hadde fått toppscore i fleire kategoriar, sjølv om dei på den tida berre hadde tilsett ein einskild lækjar på deltid. Simon Stevens Simon Stevens var ein av dei nærmaste rådgivarane til Tony Blair i prosessen med å opne NHS for kommersielle interesser. Den jobben hadde han fram til for to år sia. Då reformene var vedtekne, gjekk han til jobben som president for United- Health Europe. Mannen som hadde vore med å utvikle dei nye spele- reglane, sit altså svært godt plassert når nye aktørar skal skaffe seg oppdrag – etter dei nye reglane. I Langwith venter Pam Smith spent på kven som får i oppdrag å drive helsesenteret. Ho er redd for følgjene dersom UnitedHealth vinn på nytt: – Då eg spurde, vedgjekk dei at dei ikkje hadde ein einaste lækjar å setje inn. Dei sa det fanst nok av lækjarar i Portugal og India. Vi finn oss ikkje i å bli brukt til sosiale eksperiment på dette viset, fastslår Pam Smith. 48 > Fagbladet 3/2007 fbaargang2007 fbseksjonKON