KAMPANJE: Pensjonistar i Chert- sey protesterer fordi akuttposten ved St. Peter’s Hospital er i fare. Over heile Storbritannia deltar folk i underskriftskampanjar og demonstrasjonar mot innsparing og privatisering. Tvang UnitedHealth 46 > Fagbladet 3/2007 Pam Smith bur i ein liten gruveby midt i England. Ho ser ikkje farlig ut i det heile tatt. Trass i at ho nettopp har påført verdas største helsekonsern eit sviande nederlag. Tekst og foto: ALBERT H. COLLETT Det starta for litt over eit år sia. Helse- senteret i Langwith fungerte ikkje heilt som det skulle. Legane kom og gjekk. Ingen var nøgde. Pam er folkevald, og var mellom dei som klaga. Eit pasientråd vart oppretta. Pam vart vald inn. Nye inter- essentar vart inviterte til å levere tilbod på drifta av senteret. Har du høyrt? Så, like før jul, møtte Pam ei venninne på gata. – Har du høyrt? spurde venninna. – Kva då? undra Pam. – At UnitedHealth har overteke helsesenteret? – Kva for noko? sa Pam, og trudde venninna spøkte. Det gjorde ho ikkje. Verdas største helsefirma hadde inngått avtale om å drive det knøttvesle lækjarkontoret. – Eg ringde straks til leiaren i pasientrådet og spurde kva som gjekk føre, fortel Pam. – Er det ikkje flott? sa han. – Nei, sa eg: Kva har verdas største helseselskap her å gjere? Dermed sette Pam i gang. Ho tok opp saka i byrådet. fbaargang2007 fbseksjonSAM