Pedagogisk leik vera stimulering av språkleg medvit hjå borna, der opp- legget er strukturert og har eit opplæringsformål, fortel Vatne. Andre døme er leike- skriving, leikerekning og leiketeikning der borna teiknar seg sjølve inn i teikninga og leikar ein form for rolleleik medan dei teiknar. Kvifor pedagogisk leik Ifølgje Vatne gjer den pedagogiske leiken det mogleg for borna å førebygge nederlag og utforske kunn- skap, og leiken er med på å skapa motivasjon og trivsel i barnehage og skule. - I tillegg til å stimulere den intellektuelle utviklinga, stimulerer han både den motoriske, sosiale og emosjo- nelle utviklinga hos born alt etter kva form for leik som vert nytta, understrekar Vatne. Varierande bruk Det er ifølgje Vatne store variasjonar på undervisnings- situasjonar i dei norske klas- sane ho har vitja. - Det gene- relle inntrykket er at leik vert nytta lite som pedagogisk verkemiddel, men meir som overgangsaktivitet og avkop- ling mellom økter, seier Vatne. - Medan nokre lærarar nytta leikprega verkemiddel for å undervise elevane i fag som norsk, matematikk og engelsk, underviste andre på meir lærarstyrte måtar, seier ho. Der frileiken dominerte mest var der lærarane skilde meir mellom læring og leik. Deltek i leiken Vatne si oppfatning er at leik og læring går meir hand i hand i dei engelske skulane. Og der dei norske lærarane Bente Vatne er doktor- gradsstipendiat ved Høgskulen i Volda, knytt til doktorgradsprogram ved Psykologisk fakultet, Inst for utdanning og Helse, UIB. Skal levera avhandling i vår. -Å kome inn i dei engelske klasseroma kan gje eit sterkt visuelt inntrykk. fbaargang2007 fbseksjonKIR