Distribuert med Fagbladet Korleis skapar me ein kulturbarnehage? HELDIGE JEMINI Heinz Janisch og Selda Marlin Soganci: Dette er historia om heldige Jemini. I utgangspunktet har han konstant uflaks. Han dett ned trapper, mister kofferten sin, dett i vatnet, får blomsterpotter i hovudet, ja, det er ikkje måte på kva han blir utsett for. Men han er likevel heldig, for det som i første omgang verkar som uflaks, blir snudd om til flaks for han. Han sit ved middagsbordet med kjærast og hund og kan ikkje ha det betre, takka vere all «uflaksen» han har hatt. Dette er med andre ord ei bok om at noko som i utgangspunktet er uflaks, blir snudd om til flaks for herr Jemini. Dette er ei bok til å bli i godt humør av, her gjeld det å sjå muligheiter i staden for hindringar! Ein 7-åring som las boka, likte den godt. Han syntest det var festleg at det skjedde så mykje bra med herr Jemini når han eigentleg hadde slik uflaks. Illustrasjonane likte han òg, han syntest dei var morosame. Det synst eg òg; perspektiva på nokon av dei gjer at ein blir svimmel! 4-åringen vart òg begeistra for denne boka. Han likte å høyre historia om han som datt og fekk ting i hovudet, men var like blid! Dette er ei gladhistorie. Her er bodskapen at sjølv om ting ser svarte ut, så kan det ende opp med å bli ei lukkeleg ending. For borna er det godt å vite at nokon triste hendingar kan ende godt - og det er det jammen for oss vaksne òg. Det skjer vel neppe så fort som i denne boka, men det er muleg! Me er jo flinke til å krisemaksimere når verda går oss imot, men kanskje det kan snu litt på liva våre i positiv forstand. Boka prøver heldigvis ikkje å fortelje oss at det er ei meining med alt eller at tida leger alle sår, men at livet kan spele oss nokre puss og at det likevel kan bli bra til slutt! Kva kultur er det me ønskjer at barna våre skal lære? Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, kor hentar barna opplevingar frå? PiRion-kurs Om kurset Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i barnehage og småskule og elles andre som arbeider med små barn. Kurset skal vere med å bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidle og syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette. Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid. Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Om Pirion Stiftinga Pirion gir ut kulturavisa Pirion fire gonger i året. Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg. Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement. Om kurshaldarane Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt. Kontakt: Vil du tinga kurs eller få meir informasjon, ta kontakt med Astrid Eidhammer Hjelmeland: tlf:52790484/97194788 (måndag og tysdag mellom 9og15) epost: pirion@norsk-plan.no Halldis Furre PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 04/2007, 8. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.no Formgjeving: Salikat Design LES! fbaargang2007 fbseksjonKIR