Distribuert med Fagbladet For oss var det naturleg å fokusera på kystkultur då me starta opp for sytten år sidan, seier styrar Ellen Stornes. Med tilbod om 22 heildagsplassar til born frå toårs alderen er det duka for liv og røre i fjæra. Men dette er ikkje ein naturbarnehage, understrekar Stornes. Barnehagen ligg kystnært og har natur på alle kantar. Då er det naturleg å nytte seg av det som er rundt ein, held ho fram. Men når det lir på haust og vinteren gjer det glatt og sleipt Samarbeidar med fiskar I løpet av eit barnehageår plar barnehagen å fordjupa seg i ulike tema innan kystkulturen. Medan fokus i fjor var på måker har dei i år hatt småkryp på land og i sjøen som tema. Det me driv med er veldig kjekt, seier Stornes og fortel om samarbeidet barnehagen har med ein lokal fiskar. Gruppevis har borna i barnehagen fått vera med på ein tretimars tur for å trekkje ruser. Medan fiskaren var nøgd med fangsten av ål, fekk borna i barnehagen boltra seg med alt det andre som følg- de med. – Det var både fisk og anna materiale som borna kunne laga mat av eller nytta til forming, seier Stornes. Pynt frå sjøen Det dei finn i sjøen og på land er også utgangspunkt for andre aktivitetar som å mala eller å laga eigne skulpturar. – Det er mykje rart ein kan laga av til dømes fiskebein og anna ein finn i sjøkanten, seier Stornes. Juletreet i barnehagen blir pynta med julepynt laga av, skjell, krabbeskal, tang og alger. Tang og alger er tørka og spreia med sølv til glitter og det er laga skjell-pynt og krabbe-«kuler» og lenker av sneglehus. Og stjerna i toppen av juletreet er laga av sjøstjerner. Her er det kun fantasien det står på. I tillegg til å nytta materialet til å laga pynt er havet og ei god inspirasjonskjelde for å laga eigne eventyr. Stornes fortel at borna sjølve er med å skapa nye eventyr ut frå temaet dei held på med, og at mange eventyr er inspirerte av kva som skjuler seg på botnen av havet. Samstundes som me lærer kysten betre å kjenna, har me og eit godt utgangspunkt for å dekkja alle områda ein skal innom i fagplanen, seier Stornes. Gode rutinar Dei tilsette i Måken barnehage har gode rutinar for tryggleiken når dei skal vera på stranda eller i båt. – For å ha god kontroll går me alltid i små grupper med born og to vaksne, seier Stornes. Då har me betre oversikt. I tillegg har kvar av borna sin eigen redningsvest, som dei nyttar for båtturar og badeturar, og minst ein av dei vaksne har oppdatert livredningskurs når dei er i båt eller på badetur. Dei unngår også å besøkja offentlege strender med mange andre born, og barnehagen ligg slik til at dei har høve til å vitja stader der dei kan vera mest for seg sjølve. Stornes har også erfaring med å involvera foreldre i utfluktene dersom nokon har høve til det, anten foreldre som jobbar deltid eller «nordsjøfedrar». held me oss mest på land. Der er det også mykje som kan studerast. på svaberga, Måken barnehage er som barnehagar flest, men på éin måte skil dei seg ut. Barnehagen ligg på Flosterøya i Arendal kommune og har kystkultur som hovudsatsingsområde. Astrid Eidhammer Hjelmeland © Måken barnehage fbaargang2007 fbseksjonKIR