> Det er berre storhavet som skil Ålesund frå Grønland, Island, Amerika og England. Skipstrafikk har hatt ein sentral plass så lengje det har budd folk ved Ålesundet. Hamna er i dag ei av dei viktigaste på Vestlandskysten og ei sentral eksporthamn for fiskeprodukt, møblar og avansert skipsutstyr. Liggetida skal vere kortast mogeleg. Difor må Ålesund og omegn havnevesen sikre at alt er på stell og verkar slik det skal. Det er vedlikehaldsformann Olav Sulebakk og vedlikehaldsarbeidar Audun Magerholm som syt for både store og små reparasjonar. Den naturlege hamna gjev godt vern mot storbårene og sterk storm i kasta. Det toler hamneanlegga godt, men når ekstremvêret set inn med orkanar eller stormflod, er det ikkje så mykje ein kan gjere før uvêret har lagt seg. 44 > Fagbladet 9/2007 Vel i hamn KAIKONSTRUKSJONANE er bygd for å tåle store påkjenningar. Tusenvis av store lastebildekk sikrar trygg fendring til både småbåtar og store skip. Det er ikkje lenge til neste båt skal leggje til her. Olav Sulebakk og Audun Magerholm har berre eit par timar på seg for å skjere laust det øydelagde lastebildekket og feste eit som toler påkjenninga som kaifender. Dei skiftar ut om lag 100 av dekka kvart år. FOTOREPORTASJEN Foto: PEDER OTTO DYBVIK Tekst: JOHNNY DAUGSTAD fbaargang2007 fbseksjonKIR