LEDER Viljesterk og sta Med kamera som våpen klarte Mari Storstein å få helseministeren til å endre Iplos-registreringen av funksjonshemmede. 20 > TEMA LAYOUT Vidar Eriksen vidar.eriksen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 69 Knut Erik Hermansen knut.hermansen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 70 REPRO/TRYKK Aktietrykkeriet AS ANNONSER Lillian Lindberg lillian.lindberg@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 46 Elektronisk materiell sendes til annonser@fagforbundet.no Faks 23 06 44 07 KONTROLLERT OPPLAG 1. HALVÅR 2006: 297.527 www.fagbladet.no BESØKSADRESSE Keysers gt.15 Oslo Dei har lova det Politikarane har i denne valkampen lova å gjere slutt på tvungen deltid. Med dette har Fagforbundet vunne ein viktig delsiger i kommunevalet. Tidleg i vinter sette forbundet seg som mål at ufriviljug deltid skulle verte ei viktig valkampsak. Gjennom artiklar i bladet og på internett har Fagbladet dokumentert deltidsgalskapen på kvinnedominerte arbeidsplassar. Fagbladet fekk ein straum med tips frå medlemmane om svært små og rare stillingsbrøkar kring i landet. Ei har deltidsstillingar i tre kommunar, ein sekretær har fire ulike arbeidsgjevarar, og ein hjelpepleiar jobbar fast på fem ulike sjukeheimsavdelingar. Med deltidsstilling på 3,28 prosent, er det langt igjen til ein jobb å leve av. «Tilsette og tillitsvalde må krevje mykje heiltidspengar på dei kommunale budsjetta.» Meldingane frå medlemmene i Fagforbundet vekte oppsikt, og fleire politiske parti og ulike departement spurde om og fekk meir informasjon. LO og Ap gjekk i vår saman om å sette ufriviljug deltid på dagsorden i valkampen. Statsminister Jens Stoltenberg sa at kommunane må skjerpe seg. «Det er meningsløst at tusenvis av mennesker jobber mindre enn de ønsker når det er så mange uløste oppgaver i samfunnet,» sa han til Fagbladet i juni. Sidan har Sp, SV, RV og dei andre rikspartia kome på bana å lova å få slutt på tvungen deltid. Til og med Frp har gjort deltid til ei merkesak. Valet er over, men same kven som har fått fleirtal i kommunestyret, så har politikarane lova å gjere noko med ufriviljug deltid. Tilsette og tillitsvalde må berre skunde seg å krevje handlingsplanar og mykje heiltidspengar på dei kommunale budsjetta. For desse lovnadane kostar! Men det vil løne seg på alle måtar: Sjukefråveret vil gå ned. Det vert lettare å rekruttere unge til yrket. Dei som jobbar der vert verande. Det viktigaste er at dei eldre og andre som tek imot tenestene vil oppleve ei særs naudsynt oppgradering av kvaliteten. Men, politikarane er ikkje vande med å tenkje på lang sikt. Difor vil nok mange prøve å trekkje seg frå lovnadane sine. Dei deltidstilsette og Fagforbundet har vunne første runde. No må kreftene mobiliserast for å vinne deltidskampen. JOHNNY DAUGSTAD ANSV. REDAKTØR Hva skjer med AFP? Gjennom flere lønnsoppgjør har fagorganiserte vunnet retten til å gå av med AFP ved fylte 62 år. Nå ønsker regjeringen å endre ordningen, og forhandlingene med fagbevegelsen kan bli lange og harde. Fagbladet tar i dette nummeret pulsen på debatten. 8> Fagbladet 9/2007 > 3 Foto: Sissel M. Rasmussen Foto: Erik M. Sundt 2007 fbaargang2007 fbseksjonSAM