nne kvarandre Samhandlinga mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta kan vere vanskeleg. I Karmøy har dei tilsette opplevd kor viktig det er å møtast og sjå korleis dei andre arbeider. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN Etter to veker på sjukehuset i Haugesund kunne ho nesten ikkje vente med å kome attende til jobben i heimetenesta på Skudenes. – Eg var heilt gira og ville fortelje dei andre om alt eg hadde lært, fortel Ellen Karin Steinkjella. Ho er ein av 80 tilsette i Karmøy kommune som til no har fått høve til å hospitere på sjukehuset. Hospitering Sjukehuset i Haugesund har inngått fire samarbeidsavtaler med ti kommunar. Karmøy er ein av kommunane, og avtala om hospitering er ei av avtalene. To av avtalene omfattar somatiske pasientar som er blitt handsama på sjukehuset, og som treng hjelp frå kommunehelesetenesta når dei kjem heim igjen. Steinkjella er utdanna både som hjelpepleiar og omsorgsarbeidar og har vore tilsett i heimetenesta i 17 år. På sjukehuset fekk ho hospitere på to svært ulike avdelingar. – Fyrste veka var eg på ei avdeling der eg for det meste observerte. I ettertid har eg tenkt at eg kanskje kunne ha gjort meir, seier ho. Den andre veka var Steinkjella på ein annan avdeling. Her var dei godt førebudde på at ho skulle kome, og på at ho både skulle ta del i arbeidet og lære av pleiarane på sjukehuset. Heile tida medan ho hospiterte på sjukehuset, fekk ho også ein eller to timar med teoretisk opplæring saman med hospitantane frå dei andre kommunane. – Alt i alt var det kjempenyttig, meiner ho. Steinkjella nemner at ho til dømes lærte om nye prosedyrar og utstyr for kateteriseringer av kvinner. – Dette var til stor nytte i forhold til ein av brukarane i heimetenesta. Betre forståing Eit anna resultat av hospiteringa på sjukehuset er at Steinkjella skjønar betre korleis dei har det. – No er eg glad for at eg er der eg er. Medan dei arbeider med alle rundt seg heile tida, er vi saman med ein og ein brukar, seier ho. «Eg var heilt gira og ville fortelje dei andre om alt eg hadde lært.» Ellen Karin Steinkjella Samarbeidet om samhandling, utarbeiding av avtaler og hospitering har alt saman gjeve dei tilsette i kommunehelsetenesta auka innsikt i arbeidstilhøva ved sjukehuset. Dei tilsette på sjukehuset har også lært mykje om helsearbeidet i kommunane. Ei av dei som har vore med sidan prosjektet starta, er Tove Rosseland, rådgjevar for tenesteyting i Karmøy kommune. – Det er lett å meine noko om korleis andre skal oppføre seg. Særleg når du ikkje kjenner rammevilkåra til dei andre, seier Rosseland. > SAMHANDLING I HELSE FONNA Helse Fonna HF omfattar mellom anna dei somatiske sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda. Desse dekker 19 kommunar og 165.000 innbyggjarar. Alle avtalar som er utvikla og framleis er i drift, er retta mot somatiske pasientar som treng kommunale tenester etter utskriving frå sjukehuset. Dei har fire samarbeidsavtaler: • Avtale om hospitering. • Avtale om inn- og utskrivings- planlegging. • Avtale om spesialopplæring. • Avtale om samarbeidsutval. > Fagbladet 10/2007 > 35 e fbaargang2007 fbseksjonHEL