Gull verd for dei små Ho er på veg med noter og tverrfløyte frå Bergen til Vaksdal. Saman med musikklaget skal ho mellom anna øve på Abba og Clapton. Randi Reigstad bruker 45 minutt på toget kvar veg ein gong i veka for å vere med på øvingane til Vaksdal musikklag. Etter tre år i Bergen kjenner ho seg framleis knytt til staden der begge ungane vart fødde. Men i hovudet er ho like mykje på jobben som i bilen. Tankane sirklar rundt dei premature borna på posten for nyfødde, mødrene deira, donormjølka dei skal ha i seg, og kvinnene som pumpar mjølk og leverer til morsmjølkmottaket. I fjor hadde dei 400 pasientar på nyføddposten. Om lag 30 av borna var ekstremt premature og vog under 1000 gram, litt fleire vog mellom 1000 og 1500 gram. Alle desse trengte donormjølk. – Vi ønskjer å gi alle premature born donormjølk til mor deira har fått i gong mjølkeproduksjonen. Men til det trengs mange fleire donorar, fleire frysarar, meir plass og større kapasitet. No gjev vi morsmjølktillegg til born over 1500 gram, fortel spesialhjelpepleiaren. – Dei fleste mødrer har ikkje mjølk med ein gong, særleg ikkje dei som har fødd altfor tidleg. Difor er donormjølka gull verd for dei premature spedborna. På nyføddposten kjem alle dei som er fødde for tidleg eller som av andre grunnar treng ekstra hjelp. Dei store og friske borna ligg på barselavdelinga. Reigstad og dei andre som arbeider på posten for nyfødde, er nok alle spesielt opptekne av jobben. – Det er eit stort felt, og vi les mykje for å halde oss oppdaterte, fortel ho. Men dei held seg ikkje berre oppda- terte. Dei driv og faget vidare. Tidlegare i år fekk avdelinga Sykepleiens smartpris 2006 for ei oppfinning klekka ut og utvikla inne på avdelinga. – Sidan vi tok i bruk det vi kallar prøverøyret, har det ikkje vore naudsynt å tine opp donor- mjølka for å ta ut ei prøve for analyse. Prøverøyret er eit perforert røyr som mjølkedonoren set ned i glaset før ho byrjar å fylle det. Litt av mjølka vil sive inn i røyret kvar gong ho slår på ny mjølk, og før ho set glaset i frysaren. Når glaset er fylt opp og blir levert på morsmjølkmottaket, kan Randi skru av prøverøyret. Vel framme i Vaksdal kan ho leggje jobben litt til side. Her er ho for å spele og nyte gode fjellturar når høvet byr seg. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: EIVIND SENNESET Randi Reigstad Alder: 44 år Yrke: Spesialhjelpepleiar og ammerettleiar Jobbstad: Morsmjølkmottaket, Nyføddposten, Haukeland universitetssjukehus Sivil status: Kjærast, to born Fritid: Tverrfløyte og friluftsliv JOBBLIV Fagbladet 10/2007 > 71 fbaargang2007 fbseksjonHEL