Foto: Greg Rødland Buick    Foto: June Witzøe LEDER Forvirret mann Vetle Lid Larsen har skrevet en systemkritisk roman om det norske samfunnets evne til å stenge dørene for de som står utenfor. 20 > TEMA LAYOUT Vidar Eriksen vidar.eriksen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 69 Knut Erik Hermansen knut.hermansen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 70 REPRO/TRYKK Aktietrykkeriet AS ANNONSER Lillian Lindberg lillian.lindberg@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 46 Elektronisk materiell sendes til annonser@fagforbundet.no Faks 23 06 44 07 KONTROLLERT OPPLAG 1. HALVÅR 2006: 297.527 www.fagbladet.no BESØKSADRESSE Keysers gt.15 Oslo Ei varsla katastrofe I 2008 vil regjeringa samla bruke 24,6 milliardar kroner på klima- og miljøtiltak. Dette er nesten uforståeleg mykje pengar, men vi treng ikkje verte uroa. Vi kjem ikkje til å merke så mykje til det. Det private forbruket skal auke neste år også. Rett nok vert avgiftene omlagde i litt miljøvenleg retning, men stort sett skal kongeriket Noreg halde fram som før. Dei pengane regjeringa har sett av til miljøtiltak tener staten inn att på mindre enn ein månad, takka vere inntekter frå olje og gass. Kvar einaste dag leverer Noreg «Klimakrisa kan utvikle seg til ei katastrofe med krigsliknande konsekvensar.» 2,5 millionar fat olje til verdsmarknaden. Resultatet er CO2-utslepp på 376 millionar tonn. Utslepp av CO2 og andre klimagassar har alt ført til fleire ekstreme orkanar og tyfonar, og FN sitt klimapanel slår fast at det blir verre. Storflaumar vil verte eit større og større problem. Temperaturen i luft og hav vil auke, isen smeltar og havet stig. Mange av øyane i Stillehavet vil verte ubeboelege, samstundes vil enorme område med dyrka mark bli til ørken. Innan 2020 kan den afrikanske matproduksjonen verte halvert. Mange vil dø av svolt og sjukdom. Meir enn 250 millionar menneske kan verte miljøflyktningar. Mange hundre tusen må truleg røme hit til vårt land. Klimakrisa kan utvikle seg til ei katastrofe med krigsliknande konsekvensar. Statsbudsjettet for 2008 tyder ikkje på at politikarane har teke inn over seg alvoret. Miljøorganisasjonane meiner mellom anna at regjeringa sitt arbeid med fornybar energi har vore mislukka. Vindkraftutbygginga står i stampe fordi investorane ikkje tør å byggje ut. Noreg har truleg dei beste tilhøva for vindkraft i heile Europa, men har dei dårlegaste støtteordningane. Det er på tide med eit nytt kriseforlik. Noreg vil tene 328,1 milliardar kroner på sal av olje og gass neste år. Kva om vi brukte halvparten av desse inntektene til å utvikle ny miljøteknologi? Handlar det ikkje om å redde kloden vår? JOHNNY DAUGSTAD ANSV. REDAKTØR En sak for politikerne? Skyhøye priser og en rente på veg opp kan gi oss en ny boligkrise. Har politikerne mistet all makt til å gripe inn når vanlige folk rammes av markedets humørsvingninger? 8> Fagbladet 10/2007 > 3 2007 fbaargang2007 fbseksjonSAM