OSS ALLIDRETT: – Får me snart ein sykkelbane? vil Oliver og Halvor Garden Sveen vite når ordførar Rune Øygard er innom skulen og allidretten. Vågå er eit verdival Ei dagsreise frå Oslo finn du ei anna verd. I Vågå merks inga småleg kiving om ære for suksess. Eller krangling om kven som må ta skulda for alt som er gale. På torget arrangerer politikarane bak dei fire listene felles stand og frukost for innbyggjarane når det er val. Og dei er samde om det meste. Mellom anna at det viktigaste er at folk stemmer. Rune Øygard har allereie vore ordførar i 12 år og er førebudd på fire nye. At han er populær blant innbyggjarane og i regjeringa, tek han roleg. Han vil helst ikkje snakke om det. Det er ingen i regjeringa som er i tvil om kva Rune meiner om kommuneøkonomi, opplyste statsråd Dag Terje Andersen då han vitja det årlege Vågå-seminaret i haust. Og i VG kunne ein i sommar lese at Bjarne Håkon Hanssen ikkje alltid tek telefonen når det er ein ordførar som ringjer. Rune er eit unnatak. – Det er dei tilsette som gjer ein solid innsats, insisterer ordføraren sjølv. – Kompetanse er viktig, men ikkje nok. Dei som arbeider i Vågå kommune, er medviten om at dei utfører ei mellommenneskeleg handling. Slik forklarer Rune Øygard kvifor 82 prosent av vågvarane ønskjer han som ordførar i endå fire år. Det er også difor at Ap fekk 70 prosent oppslutnad ved siste kommunevalet, meiner han. – Viss ikkje dei tilsette hadde gjort ein så solid innsats, ville ikkje folk hatt meg som ordførar. – Eg kjenner meg fyrst og fremst privilegert. Det er eit samspel mellom dei tilsette og politikarane. Me har same mål og retning for det me gjer. Og alle dei 3720 innbyggjarane medverkar på kvar sin måte. Seier ordføraren som meiner at mange fleire bør bu i Vågå. – Me fekk prisen for beste barne- og ungdomskommune i fjor, me er knallgode på omsorg og kultur. Å vere her er eit verdival som passar alle dei som er engasjerte og som ynskjer å delta. Men Vågå er nok ikkje rette staden for dei som helst vil gøyme seg bort bak ein kaffe latte. Tekst og foto: KARIN E. SVENDSEN > ARBEIDSGLEDE RUNE ØYGARD Ordførar i Vågå kommune JUBILANTAR: Gerd Foer (bak f.v.), Ingun Nøkland, Roger Heimli (leiar i Fagforbundet Hordaland) og Hilma Forstrønen. Framme: Britt Guddal, Marit Lund og Evy Borge. Trufaste medlemar i Os Eit vårleg dekka festbord møtte jubilantane då dei kom til merkefest i Fagforbundet Os i Hordaland. Med leiar Harald Eide (bildet t.h.) i spissen vart tradisjonen med å heidra medlemar med meir enn 25 eller 40 års samanhengande medlemskap i forbundet vidareført. Denne gongen låg det klart merke og diplomar til 15 personar. Årets 25-årsjubilantar er Evy Borge, Hilda Døsen, Aud Engevik, Gerd Foer, Hilma Forstrønen, Ann Iren Haukeland, Elisabeth Hjertholm, Eldrid Lund, Marit Lund, John Ragnar Lunde, Ingun Nøkland, Anna Storum, Oddrun Grytten Sætre, Kjellfrid Tolleshaug og Britt Guddal. Aslaug Bråten og Anny Orrebakken har vore med i forbundet i 40 år. Dei som ikkje kunne vera med på merkefesten, har fått sine heidersteikn overrekt på annan måte.    Tekst og foto: Sigrun Bukkholm Pensjonisttur i vest Pensjonistgruppen i Fagforbundet, avd. 693, Hordaland fylkesforening har vært på tur til Fitjar. Vi vil takke for en perfekt tur og alt arbeidet styret har hatt for at vi skulle ha det trivelig.    Tekst og foto: Perny Soltvedt 56 > Fagbladet 10/2007 fbaargang2007 fbseksjonSAM