LEDER Lars Haltbrekken Lederen i Naturvernforbundet er ingen prektigpetter med verdens beste miljøsamvittighet. Men han gjør mer for miljøet enn de fleste av oss. 20 > TEMA LAYOUT Vidar Eriksen vidar.eriksen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 69 Knut Erik Hermansen knut.hermansen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 70 REPRO/TRYKK Aktietrykkeriet AS ANNONSER Lillian Lindberg lillian.lindberg@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 46 Elektronisk materiell sendes til annonser@fagforbundet.no Faks 23 06 44 07 KONTROLLERT OPPLAG 1. HALVÅR 2007: 302.387 www.fagbladet.no BESØKSADRESSE Keysers gt.15 Oslo Badar i luksus Den ekstreme veksten i privat rikdom i Noreg må samanliknast med eit ran. Dei siste ti åra har det vore ei dramatisk omfordeling av verdiar. Sidan 1997 har dei ti prosent rikaste teke frå alle andre og auka sin del av samfunnsinntektene med ufattelege 70 milliardar kroner årleg, og dei har no kontroll over ein tredel av samfunnsinntektene. Berre i 2005 hadde den rikaste tidelen ein realvekst i inntekta si på 30 prosent samanlikna med året før. Tala for den fattigaste tidelen var 1,2 prosent. Om vi nyttar inntektene i fjor som grunnlag, vil det ta eit heilt arbeidsliv før ein hjelpepleiar eller ein brannkonstabel samla har fått ei arbeidsinntekt på ti millionar kroner. For ein toppleier med gjennomsnittsløn tek det berre seks år. Då har vi ikkje rekna med aksjeopsjonar og andre frynsegode. «Borna til direktørane går ikkje lenger i same klasse som borna til vanlege folk.» Når nær 500.000 nordmenn har fått ufattelege rikdommar mellom hendene, vert det særs synleg i samfunnet. Prangande villaer, hyttepalass, gigantiske fritidsbåtar, bilar i millionklassa og høgt champagneforbruk på dei hippaste resturantane utdjupar og syner den urettferdige ulikskapen. Borna til direktørane går ikkje lenger i same klasse som borna til vanlege folk. Dei kan velje dyre engelske privatskular. Dei satsar på private helsetenester, eldreomsorg og andre løysingar som berre dei har råd til. Trass i at regjeringa har gjennomført ein storstilt snuoperasjon sidan 2005, manglar det mykje pengar til dei offentlege tenestene. Det er for få tilsette i barnehagane, i eldreomsorga og i skulefridtidsordninga. Det er altfor dårlege fritidstilbod for ungdom, sjukehusa slit og kommunane manglar 3,5 milliardar kroner årleg for å vedlikehalde og setje i stand nedslitne skular, barnehagar, sjukeheimar og andre kommunale eigedomar. Sjølv med raudgrøn regjering i 2006 auka det private forbruket dobbelt så mykje som det offentlege. Skal det norske velferdssamfunnet bergast, må styresmaktene ta pengar frå dei rike. SV, Senterpartiet og nestleiaren i Arbeidarpartiet opnar for å gjere det gjennom å skjerpe skatten for dei rikaste og for middelklassa. Det er heilt naudsynt. Dei rike sin overdådige luksus er eit trugsmål mot heile samfunnssystemet. JOHNNY DAUGSTAD ANSV. REDAKTØR Nå haster det Den ene skremselsrapporten etter den andre ramler ned på norske frokostbord gjennom eter og aviser. Hvordan kan Norge best bidra når verden skal reddes fra klimakrisen? 8 > Fagbladet 11/2007 > 3 Foto: Scanpix    Foto: Erik M. Sundt 2007 fbaargang2007 fbseksjonHEL