Ikkje berre til pynt Illustrasjonane er like viktige som teksten i ei biletbok og det kan ta mange månader å lage dei. TEKST: Toyni Tobekk toyni@norsk-plan.no Bo Gaustad har teikna barnebøker i meir enn 20 år og har ry som ei av dei beste i faget. Teikningane i biletbøkene må tilføre historia noko nytt, noko ekstra, ikkje berre understreke teksten og pynte boka, fortel biletkunstnar og barnebokteiknar Bo Gaustad. Ho har teikna barnebøker i 20 år og har ry som ein av dei beste i faget. Omstendeleg jobb Når ho tar til på ein teiknejobb, så lagar ho først skisser til forlaget. Ho blar seg gjennom teksten, merker seg korleis ho vil ha det, og kor teksten skal brytast av med bilde til dømes. Undervegs noterer ho. Ikkje med ord, men ved hjelp av teikningar. Etter å ha skissert og disponert, tar ho til med å lage kvar einskild teikning. Å teikne ei barnebok kan ta om lag 3 til 4 månader. Då går det i pennesplitt, akvarellmåling, pastellkritt og papirklipp. Boka Oskar er til dømes blitt til gjennomgåande av papirklipp og tusj, seier ho. Og er ho ikkje fornøgd, ja då endrar ho sjeldan på teikninga. Eg teiknar heller om igjen enn å teikne oppå. Gøy! For teiknaren er det like viktig å tenkje på kven som er lesaren, som det er for forfattaren. Gaustad har mellom anna teikna fleire lettlestbøker kor det er eit poeng at alle teikn og teikningar er tydelege. Boka Dette med Andreas var ei utfordring for meg. Ho vender seg til lesarar med Downs syndrom, og det var noko nytt. Maria Parr si bok Vaffelhjarte synest ho var spesielt kjekk å illustrere. - også Kaniner og kaniner! Det var ein innmari fin tekst som det var gøy å teikne til. Halvt om halvt Når forfattaren er ferdig med ein tekst går forlaget i gang med å finne rett person til å teikne. Somme gonger treffest teiknar og forfattar, men ikkje alltid. Forlaget bestemmer til sjuande og sist kven som skal illustrere boka og til ein viss grad kor mykje bilete det skal vere. Vanlegvis er det ei 50/50-fordeling mellom tekst og illustrasjon. Somme gonger skal boka vere gjennomillustrert, andre gonger er det snakk om enkle svart-kvitteikningar her og der, fortel Gaustad. Sterke kjensler Det hender jo at forfattaren har meiningar om korleis boka skal sjå © Toyny Tobekk fbaargang2007 fbseksjonKIR