Teikningar henta frå boka Hva er følelser av Birte Svatun, illustrert av Bo Gaustad. ut, fortel Gaustad. Då eg teikna boka Hva er følelser, kor kvar kjensle skulle ha sin eigen farge, så hadde forfattaren Birte Svatun óg gjort seg opp nokre tankar om dette. Det var heilt greitt, sjølv om boka kanskje ikkje blei heilt slik Svatun hadde tenkt. Det er til sjuande og sist omslaget på boka som er den delen av illustrasjonen det er mest kjensler og meiningar kring. Kanskje aller mest frå marknadsavdelinga i forlaga. Dei skal jo tenkje på kva som sel. Det beste resultatet meiner Gaustad likevel kjem når illustratøren får teikne i fred. Med hand og pennesplitt Ho seier bevisst teikne, og ikkje illustrere, for det er ikkje nett det same korleis illustrasjonen blir til. Eg jobbar i eit atelierfellesskap med fleire andre kunstnarar i Oslo. Dei fleste av oss teiknar for hand, me lagar ikkje illustrasjonar på data. Det er etter kvart såpass sjeldan at folk handteiknar, at ho og kollegaene rett som det er opplever å ha tilskodarar som vil kome og sjå korleis det går føre seg. På alvor Bo Gaustad er sjølv utdanna biletkunstnar og teiknar. Det siste året har ho dessutan gått på det nystarta Norsk barnebokinstitutt. Året på barnebokinstituttet har gitt meirsmak, og i tillegg eit heilt konkret resultat for Gaustad. Til neste år debuterer ho nemleg som forfattar med nyskrivne vrøvledikt for barn. Teikningane skal ho sjølvsagt lage sjølv. Eit lite spark til dei som kan vere med å gi barnelitteraturen status, viss dei vil, kostar ho på seg til slutt: Dessverre er litteraturkritikarane lite opptekne av barnelitteratur. Og i den grad dei omtaler biletbøker, er det som regel teksten og ikkje teikningane som blir nemnd. UTDANNAR BARNEBOKFORFATTARAR Norsk barnebokinstitutt (NBI), Kulturrådet og Norske Barne- og ungdomsbokforfattere (NBU) starta opp med forfattarutdanning i fjor. Det første kullet på 15 studentar var ferdige våren 2007. Denne hausten starta andre kullet opp, og dei skal halde på i to år. NBI meiner at dagens barnelitteratur ikkje speglar det fleirkulturelle samfunnet Noreg har blitt, og har difor reservert to av 15 plassar til studentar frå anten Afrika, Asia, Midtausten eller Latin-Amerika. Instituttet melder dessutan at 90 prosent av årets studentar er kvinner. Utdanningstilbodet frå NBI er eit prøveprosjekt som varar fram til 2009. fbaargang2007 fbseksjonKIR