Møter livet 32 > Fagbladet 12/2007 der ute På Såta bu- og servicesenter er dei ute i sansehagen kvar dag og på tur ein gong i veka. Fysisk aktivitet er god førebygging. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: EIVIND SENNESET – Veit du kva me skal gjere i dag? Me skal ut på tur. – Fantastisk. Det var ei glede å høyre. Inger Fosse Dalland er innom romma til dei som skal vere med på langtur. Torsdag er turdag på Såta bu- og servicesenter i Lindås kommune. Dei 12 bebuarane på skjerma eining vert fordelte på tre grupper alt etter kor lang tur dei klarer. Alle treng stimuli Fosse Dalland har vore miljøterapeut her i snart åtte år. Før ho tok utdanning som aktivitør, arbeidde ho mange år som hjelpepleiar. Ho har alltid vore oppteken av at bebuarane skal få mest mogleg frisk luft, fysisk aktivitet og kulturopplevingar. – Me som arbeider i helsevesenet, må vere medvitne om at fysisk aktivitet er godt, og livsviktig – ikkje berre for den fysiske helsa, men og for psykisk helse og velvære, meiner ho. Når aktivitøren sjølv vert gamal, vil ho heller ta sjansen på eit beinbrot enn å sitje passiv i årevis. – Det er så stor helsevinst i eit aktivt liv at fysisk aktivitet burde vere ein del av tiltaksplanen. Dette har me snakka om å få til her. Får me til det, må me ha ei grunngjeving dersom pasienten ikkje har vore ute. På tur med stokk – Nokre av bebuarane er fysisk spreke. Nokre treng støtte, andre treng hjelpemidlar når dei skal røre på seg, fortel Fosse Dalland. – På torsdagsturane har me tre alternative turar. Nokre kan kanskje berre røre litt på seg ute i sansehagen. Andre er litt sprekare, og kan gå på gangvegen utanfor. Men dei fleste blir med på langturen rundt vatnet – med eller utan stokk. Nokre av dei treng rullator eller rullestol på delar av turen, men så lenge dei kan gå litt innimellom, blir dei med. Gruppene vert sett opp ut frå dagsforma til den einskilde. – Me må ha i bakhovudet at ingen skal tvingast. Men me spør heller ikkje om dei har lyst, då er svaret ofte «nei». Det er ikkje alltid lett å forstå kva tilbodet inneber. Me inviterer, eller prøver å lokke med «kom skal du få sjå!». – Ein gong sette eg i gong med å lage ei hesje utafor her. Eg kunne det slett ikkje, og det tok ikkje lang tid før ein av mennene ikkje orka å sjå på dette kløneriet mitt, og reiste seg opp for å gjere det skikkeleg. Ei kvinne på over nitti år sette frå seg rullatoren og hjelpte også til. Målet var nådd, frå passivitet til engasjement og deltaking! Servering i Tankegangen For å få til ein tur kvar veke, flyttar dei andre gjeremål i avdelinga. Om det til dømes er tidkrevjande å bade ein av bebuarane, blir det gjort ein annan dag. Det tek tid å førebu turen, og det er viktig ikkje å skape for mykje uro. Før turen samlast folk etter kvart som dei er ferdig kledde. Dei sit i gangen som Anfinn Sætre ein gong døypte til Tankegangen. På veggen heng mellom anna bebuarane sine eigne gullkorn i glas og ramme: fbaargang2007 fbseksjonHEL