STILLE: Anfinn Sætre går like godt åleine som i flokk. Då finn han ein utkikkspost veleigna for både observasjon og refleksjon. «Hugs: Om skinnet eldast og blir gamalt, kan sinnet vera ungt – og har minst same behov som før til å ha det moro og ha eit fellesskap.» I dag er Borgny Hellem her for å vere saman med mannen sin på tur, slik ho brukar vere. Medan dei siste gjer seg klar, serverer ho vatn til dei som alt er ferdig påkledde, og hjelper til med å pakke ryggsekken med frukt og vatn. Mat til endene må sjølvsagt også med. Den gamle militærmannen Anfinn, som har ein kjapp replikk i dei fleste situasjonar, tykte det hadde passa betre med whisky. Familie er ein ressurs På veg ut av døra møter me også Knuthild Ruskedal, dotter til Klara Ruskedal. Ho vil også gjerne vere med i dag. – Det er svært kjekt at skyldfolk kjem og blir med på tur. Dei er ein ressurs. Difor er det viktig at dei opplever å verte rekna med og inkluderte. – Turen blir ei heilt anna oppleving når pasientane får med seg sine, meiner Fosse Dalland. Tapet av fellesskap med slekta blir ikkje så stort. – Glatt føre er einaste grunnen til å droppe turen, meiner Fosse Dalland. Ho har planar om å lage ei løype innandørs eller arrangere trappetrim når dei ikkje kan gå ut. Vedlikehald Etter nær åtte års arbeid for å auke den fysiske aktiviteten, har personalet på Såta arbeidd seg fram til ei felles haldning. Dei er samde om at det er godt for dei gamle å vere aktive. – På ein sjukeheim veit personalet at bebuarane etter kvart vil bli svakare. Men i staden for at dei gamle får vere inaktive og passive, må den einskilde pleiar bevisst motarbeide svekking SKYLDFOLK OG TILSETTE: Både skyldfolk og tilsette gjer det mogleg å kome seg på tur. Sylvia Eng (fremst), Inger Fosse Dalland, Ingolf og Borgny Hellem, Anfinn Sætre, Ingrid Jacobsen og Anna Alvær. > Fagbladet 12/2007 > 33 fbaargang2007 fbseksjonHEL