Den aller viktigaste grunnen til at så få menn arbeider i barnehage trur eg er lønna. Og i tillegg er det lite akseptert, iallfall hjå den eldre garde, at menn har omsorgsyrke, seier Jan Inge Alver som er tilsett som pedagogisk leiar i Hokus Pokus barnehage. Studentsamskipnaden sin barnehage i Agder har gjennom mange år fokusert på å rekruttere menn og er truleg den første barnehagen som kan stille med reint herrelag i fotball. Barnehagen har 135 barnehageplassar og er organisert ut frå ein såkalla open løysing, noko Alver også meiner kan vere med på å trekkje til seg fleire menn. Rollemodellen er viktig Det er gjennomgåande at gutar har ein annan måte å leika på enn jenter. Men det er viktig å ikkje berre klatre i tre som mann, men også vise ei sosial og mjuk side. Lese ei bok og vise omsorg for borna, meiner han. Det er viktig å ikkje berre stimulere til typiske jenteleiker og guteleiker, held han fram. Alver viser også til at familiemønsteret har endra seg. Dermed er behova i barnehagen også noko annleis enn før. Mange born i dag bur heime med mor og har lite kontakt med far. Då vert den mannlege rollemodellen i barnehagen viktig. Mange fell av Hokus Pokus barnehage har eit sterkt fokus på borna sine eigne Martine og Lyder leikar i edderkoppnettet. behov og ynskjer å gi dei erfaringar som vil utvikle eit bredt spekter av anlegg og evner. Dei bygger arbeidet sitt på prinsippet om likestilling mellom kjønna og vil med det gi borna ein ballast til å møte utfordringar i samfunnet. -Egvareinavtremennsom vart tilsett her då barnehagen var ny for fem år sidan, og frå den tid har mannlege søkjarar blitt prioriterte av leiinga i barnehagen, fortel Alver. Sjølv valde han førskulelæraryrket fordi han ville arbeide med born og ha eit arbeid han kunne trivast med. Men han ser også at mange av mennene som byrjar på utdanninga, fell av undervegs. No håpar han departementet sitt krav om å nå 20 prosent menn vert teke alvorleg. Ein må byrje tidleg. Kanskje kan gutar på ungdomsskulen få arbeidsveka si i ein barnehage? Då får dei sjå kor fint og allsidig det er. Pedagogisk leiar i Hokus Pokus barnehage, Jan Inge Alver er ein av få menn i norske barnehagar. Eg ville gjerne arbeide med born, seier han. Hokus Pokus barnehage i Kristiansand fekk Agderrådets likestillingspris i 2006. MOGLEGE TILTAK: • Førskulelærarutdanninga må setje mannlege studentar i same klasse. • Kvifor ikkje søkje etter fleire mannlege pedagogar eller assistentar? • Menn seier gjerne at dei føler det er lettare å jobba saman med andre menn. Då får dei utført jobben sin på den måten som kjennest rett for dei. • Høgskulane må skaffe mannlege øvingslærarar til mannlege studentar. • Kvotere inn mannlege søkjarar til førskulelærarutdanninga. • Utdanninga må sjå på ved kva høve kjønn som sosial markør er viktig. • Barnehagane må be om å få gutar når ungdomsskuleelevar skal utplasserast. • Mannlege barnehagepersonale på yrkes - og utdanningsmesser. • Ved bruk av vikarbyrå kan barnehagen be om mannleg vikar. • Alle mannlege søkjarar bør innkallast til inter vju. • Ein må våge å tilsetje utradisjonelt. • Personalet i barnehagen kan begynne å reflektere rundt eigne haldningar til menn i yrket. • Barnehagar med mannlege tilsette må vere synlege i nærmiljøet. • Kvalitetsmålet i barnehagar skal vere minst 20 prosent mannlege tilsette. • Mannlege tilsette og studentar må skape nettverk eller nytte seg av eksisterande MIB-nettverk. • Stillingsannonsane må vekke interessa hjå menn. (Kjelde:Temahefte om menn i barnehage. Utgitt av Kunnskapsdepartementet 2006) © Karen Margrethe Klausen © Karen Margrethe Klausen fbaargang2007 fbseksjonKIR