LES! Litt annerledes I Piraten barnehage Av Frøydis Benestad Hågvar og Bente Jørgensen. Omnipax, 2007. I Piraten barnehage har nokre av borna litt spesielle historier å fortelje. Her møter du Aleksander som har albinisme, Eline som er blind, Asgeir som har astma, Thea som er lam, Ronja som er døv, Marie og Kristina som har matallergi og Casper som har diabetes. Boka er lagt opp med små forklarande historier, basert på desse livshistoriene. Illustrasjonane er store og detaljrike, og glir naturleg saman med teksten som er lagt oppå bileta. Det vert forklart og fortalt om sjukdommane på ein særs naturleg og enkel måte. Målet er då også å auke toleransen og kunnskapsnivået blant borna. Me fylgjer borna gjennom ein aktivitetsrik dag i barnehagen, og det er tydeleg at ein ynskjer å fokusere på samhald, respekt, toleranse og samspel i barnehagen. Det er ei bok som inviterer til samtale, då mange av desse sjukdommane kan vere vanskelege både å snakke om, og forstå for dei minste borna. Likevel anbefaler forlaget bokar for born frå tre år og oppover. Til slutt i boka får den vaksne lesaren god og tydeleg informasjon om dei ulike sjukdommane, samstundes som det vert opplyst om aktuelle adresser. Med ei slik disponering kunne det vere vanskeleg å vite kven boka er retta mot. Men ei tydeleg todeling fører til at lesaren ikkje er i tvil, og at den siste delen derimot vert oppbyggande og forklarande for den som skal lese høgt i barnehagen. Truleg kan også boka vere med å avlive ein del myter. Judith Sørhus Litlehamar PiRion-kurs Kva kultur er det me ønskjer at barna våre skal lære? Om kurset Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i barnehage og småskule og elles andre som arbeider med små barn. Kurset skal vere med å bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidle og syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette. Korleis skapar me ein kulturbarnehage? Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, kor hentar barna opplevingar frå? Kontakt: Vil du tinga kurs eller få meir informasjon, ta kontakt med Astrid Eidhammer Hjelmeland: tlf: 52 79 04 84 / 97 19 47 88 (måndag og tysdag mellom 9 og 15) epost: pirion@norsk-plan.no Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid. Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Om Pirion Stiftinga Pirion gir ut kulturavisa Pirion fire gonger i året. Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg. Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement. Om kurshaldarane Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt. PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 08/2007, 8. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.no Formgjeving: Salikat Design fbaargang2007 fbseksjonKIR