LEDER Ungdomstillitsvalgt Linn Hemmingsen (27) er ungdommelig, aktiv og moderne. Men forbildet er morfar Arvid Jakobsen. Gjennom ham har hun fått inn de gode, gammeldagse idealene for fagbevegelsen. 20 > LAYOUT Vidar Eriksen vidar.eriksen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 69 Knut Erik Hermansen knut.hermansen@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 70 REPRO/TRYKK Aktietrykkeriet AS ANNONSER Lillian Lindberg lillian.lindberg@fagforbundet.no Telefon 23 06 44 46 Elektronisk materiell sendes til annonser@fagforbundet.no Faks 23 06 44 07 KONTROLLERT OPPLAG 1. HALVÅR 2007: 302.387 www.fagbladet.no BESØKSADRESSE Keysers gt.15 Oslo Fagbladet fem år I denne utgåva avsluttar vi Fagbladet sin femte årgang. Dette er ikkje noko stort jubileum, men det er likevel naturleg med ei oppsummering. Har vi lukkast? For å svar på det, må vi attende og sjå på føresetnadane. Arena og Basis vart lagde ned. Det beste frå begge medlemsblada skulle førast vidare i det nye Fagbladet. I føremålsparagrafen heiter det at bladet skal informere medlemmane om forbundet si verksemd, skrive om arbeidsvilkår og setje søkjelys på stoda i arbeidslivet i samfunnet elles. Fagbladet skal og leggje til rette for ein debatt om hovudstrategiane til Fagforbundet. Det var med andre ord ikkje lite Fagforbundet venta seg. Gjennom ei medviten satsing på samarbeid med til- «Det handlar om å setje dagsorden for Fagforbundets viktigaste saker, og utvikle den yrkesfaglege journalistikken.» litsvalde og medlemmar, har redaksjonen fått mange innspel. Svært mange saker har kome på trykk etter tips frå medlemmer og tillitsvalde. Særleg har det yrkesfaglege stoffet vorte populært. Hovudgrunnen til det er at Fagbladet har fått til ei god blanding av fagartiklar, yrkesfaglege reportasjar og ikkje minst utførlege temahefte for ulike bransjar og yrkesgrupper. Då bladet kom ut fyrste gong våren 2003, var målet å utvikle det beste fagbladet i Norden. Det er kanskje eit stykkje att, men bladet vert allereie rekna som eit av dei beste i norsk fagpresse. Sjølv om Fagbladet har vunne fire prisar sidan 2003, er det mykje som må utviklast vidare. Det handlar om å setje dagsorden for Fagforbundets viktigaste saker, og utvikle den yrkesfaglege journalistikken. Fagbladet har lesarar frå 114 ulike yrkesgrupper. Det er difor krevjande å konkurrere med blad som berre skriv om ei yrkesgruppe. Analyser av lesevanane til medlemmene tyder likevel på at Fagbladet har ein lesaroppslutnad som tek inn på profesjonsblada. Sidan vi ynskjer å få fleire til å lese bladet, må vi bli endå flinkare til å lage spanande og interessante artiklar om kvardagen til medlemmene. Innhaldet må vere nyttig og engasjerande. Vårt største ynskje for året som kjem er endå meir ros og ris, og mange tips. JOHNNY DAUGSTAD ANSV. REDAKTØR Kuttet akuttplassene Planlagt avrusning er bra for dem som kan vente på tur. Men etter at Helse Sør-Øst tok over Oslo kommunes avrusningsplasser, er alle akuttplassene alltid opptatt. Ansatte i gatenære tjenester gruer for vinteren, og kaller situasjonen kritisk for rusmisbrukerne. 8> Redaksjonen ynskjer alle ei god jul! Fagbladet 12/2007 > 3 Foto: June Witzøe Foto: Greg Rødland Buick 2007 fbaargang2007 fbseksjonSAM