FOKUS Kortfatta går denne saka ut på at kommunar har lånt pengar til eit komplisert verdipapirfond. Pengane er lånte med «tryggleik» i framtidige kommunale inntekter frå sal av konsesjonskraft. > ROLF KALVØ Spesialrådgjevar i Bergen kommune, tidlegare sekretariatsleiar for kontrollutvalet og revisjonssjef i Bergen kommune Artikkelen handlar om handteringa av den såkalla Terrasaka, der fleire kommunar investerte store summar i tvilsame verdipapir. Terra-saka 36 > Fagbladet 1/2008 FOR Å AUKE avkastinga har fondet tatt opp lån på åtte–ti gonger storleiken på innskota frå kommunane. Det kan vere tale om tap på fleire hundre millionar kroner – kanskje over ein milliard. Dersom dei kommunane dette gjeld må dekke desse tapa sjølve, så må det gå ut over finansieringsvilkåra for viktige oppgåver. Oppgåver som inngår i folks velferd. Terra-saka har fleire sider, og det siste er neppe sagt. Truleg vil saka ende i rettssystemet. I forvaltningsmessig kontekst må overordna styresmakter her ha ei stor utfordring. I DET SISTE har vi som hovudoppslag frå fjernsynet fått presentert pasientar liggjande på korridorar og i lagerrom på sjukeheimar. Dette har opprøyrt dei pårørande, men også sjåarane framfor tv-apparata. Ikkje før var desse bilda borte frå tvskjermane før eit nytt inntrykk frå den kommunale arenaen fekk dei største oppslaga. Nemleg saka om Terra Securities, fire nordnorske kommunar og tilhøva omkring dette sakskomplekset. Desse to kommunale hovudoppslaga represente- rer det vi kan kalle ytterpunkt i kommunal forvaltning; nemleg kommunal armod og tronge budsjett i den eine enden og disponering av kommunal rikdom i millionklassen i den andre. FORRIGE GONG kommunane blei rysta i sitt økonomiske fundament på ein så alvorleg måte som det vi no for nokre kommunar kan sjå konturane av, var i mellomkrigstida, då ein del kommunar måtte selje unna realkapital for å finansiere sine laupande driftsoppgåver. For mange kommunar førde dette til frå 2001 endra slik at paragraf 50, spesielt pkt. 1, har reglar om kva ein kommune kan ta opp lån til. Ein kommune kan ta opp lån til å finansiere investering i realkapital. Paragraf 52, pkt 3 seier at kommunane «skal forvalte sine midler slik at tilfredsstillende avkastning kan oppnås uten at det innebærer vesentlig finansiell risiko, og under hensyn til at kommunen og fylkeskommunen skal ha midler til å dekke sine betalingsforpliktelser ved forfall». Av dette skulle det gå fram at ein kommune ikkje kan ta opp lån til finansielle føremål med høg risiko. «Mantraet kommunalt sjølvstyre kan ikkje gjelde heilt til dei lokale aktørane steller seg slik at dei må reddast av andre instansar.» ein konkursliknande situasjon, og staten måtte ta over administreringa av desse. Dette tydeleggjorde behov for eit lovverk på det kommunaløkonomiske området som kunne førebygge slike situasjonar. Slike reglar fins no, og dette er vesentleg for det ein i Terra-saka må ta omsyn til. Kommuneloven av 1992 blei I § 20 heiter det «Administrasjonssjefen skal påse at de saker som legges fram for folkevalgte organer er forsvarlig utredet ...» Kommunaldepartementet kvessa reglane for finansforvaltning ved ei eiga forskrift i mars 2001. Her blir omsynet til finansiell risiko sterkt understreka. Det same gjeld kommunestyret fbaargang2008 fbseksjonKON