Illustrasjonsfoto: Scanpix FOKUS og administrasjonen sitt ansvar. Omsynet til system og habilitet er også vektlagt. DISTRIKTSREVISOREN for Vik kommune i Sogn og fjordane meinte i 2002 at konstruksjonen med forskottsvis eingongsutbetaling med tryggleik i framtidige inntekter frå konsesjonskraft var å sidestille med lån. Denne eingongsutbetalinga hadde kommunen gjennom fondsforvaltar plassert i obligasjonar. Distriktsrevisoren tvilte på om dette var lovleg. Spørsmålet hamna, via fylkesmannen, i Kommunaldepartementet som konkluderte med at «lån» ikkje var definert i kommuneloven og at den avtalen som var inngått «ikke kan likestilles med et lån». Dersom dette ikkje var å sidestille med lån – ja, kva var det då? kan ein spørje. Departementet sitt svarbrev til fylkesmannen i Sogn og fjordane er verd eit nærare studium. Ein kan sjå at departementet slit med svaret sitt. Det er vanleg å seie at ein «sukrar pilla som er bitter», men her kan vi nytte ein annan metafor, og seie at departementet har «bitra» ei pille som er søt. Det er sagt at Terra Securities har nytta dette svaret frå departementet i sin iver etter å selje obligasjonar. Dersom dette er rett, så har også departementet her eit forklaringsproblem. Den offentlege (kommunale) revisoren har reist problemstil- linga på nytt – og i skrivande stund ventar han framleis på svar. AT DET ER EIN direkte samanheng mellom kommunestorleik og finansieringskompetanse er det nok vanskeleg å påstå. Rana og Narvik er to av dei tre største kommunane i Nordland med 25.000 og 22.000 innbyggarar. Hemnes har over 3000 innbyggjarar, og det kan i den samanhengen nemnast at heile 55 prosent av kommunane i Norge har mindre enn 3000. SÅ LANGT KAN vi trekke desse konklusjonane: Kunnskap om kommunaløkonomiske og forvaltingsmessige prinsipp har det skorta på i denne saka. Det som blir utfordringa for overordna styresmakter, er å «skru saman» eit konsistent system som blir tydeleg nok og aktuelt nok til å kunne nyttast. Dei einskilde elementa finst alt. Når det gjeld spørsmålet om handtering, oppfølging og rapportering av korleis regelverket verkar, ja, så må overordna styresmakter her klårt ha eit stykke arbeid å gjere. Det kan vel ikkje vere slik at mantraet kommunalt sjølvstyre gjeld heilt til dei lokale aktørane steller seg slik at dei må reddast av andre instansar. Fagbladet 1/2008 > 37 fbaargang2008 fbseksjonKON