KAFFEKOS: Det vart plass til alle i den vesle hyttekroken i le for vinden. Til no har elleve brukarar vore med i gruppa. – På den eine sida har dette vore ein fristad for brukarane. Her skal dei vere seg sjølve og sleppe alt som kan minne om prestasjonspress, seier Jorunn Heier. Og kanskje like viktig: Det er eit avlastingstilbod til dei pårøyrande. – Det er tungt å vere saman med eit menneske med demens heile døgeret heile veka. Når ektefellen får høve til å følgje eigne lyster og behov to gonger i veka, er det klart at dei sparer krefter og kan ha mannen eller kona heime mykje lenger enn dei ville ha klart utan dette tilbodet. Verdt prisen Helse- og sosialsjefen har heile tida vore ein varm forsvarar av det grøne omsorgstilbodet. For han veg det tungt at innbyggjarane har ein juridisk rett til tilrettelagde tilbod når dei får behov for det. – Dette har framfor alt med livskvalitet og etikk å gjere. Dei som er ramma av sjukdom, får det betre med slike tilbod, meiner Svein Holen. – Dei pårøyrande treng også eit pustehol og har krav på avlasting, seier han. Helse- og sosialsjefen meiner også at tiltaket er god økonomi for kommunen. – Dette er eit billig tiltak for seks-sju brukarar. Dei er stort sett ute, og kommunen bruker mindre enn eit årsverk på å aktivisere dei og halde funksjonsnivået ved like. Slik utset vi trongen til sjukeheimsplass. Kor store summar kommunen sparer, er ikkje lett å slå fast. Men ein plass på dagtilbodet kostar om lag 50.000 kronar i året medan ein sjukeheimsplass kostar meir enn det tidobbelte. – Eg har snakka med pårøyrande som meiner dei har vore i stand til å ha ektefellen heime eit år eller halvanna lenger takk vere grøn omsorg. Så det er truleg høge summar vi sparer på dette aktivitetstilbodet, seier Holen. > INN PÅ TUNET Tilrettelagde tilbod på gardsbruk eller ute i naturen er tilpassa interesser og funksjonsnivå til kvar enkelt brukar. Brukarane kan ta del i vanleg gardsdrift eller vere med på andre aktivitetar inne eller ute. Personar med utviklingshemming er største brukargruppe, men nokre kommunar har også tilbod til personar med psykiske lidingar og rusmisbrukarar. Vågå kommune i Oppland er ein av få kommunar som har eit slikt tilbod til personar med demens. Dei fleste fylka har eit eller fleire tilrettelagde tenestetilbod på private gardsbruk. Inn på tunet-tiltak er ofte resultat av prosjekt som landbruksavdelinga hos fylkesmannen har vore med å starte. Tiltaka vart tidlegare kalla for Grøn omsorg. For meir informasjon: www.innpaatunet.no av demens på 1990-talet. Etter initiativ frå pårøyrande og med støtte frå helse- og sosialsjefen i kommunen, blei fyrst demensteamet etablert og sidan aktivitetstilbodet til dei som var ramma. Kjelder: Elin Fjaslestad, Jorunn Heier, Tove Kleiven: «Så bra at eg trefte på døkk». Grøn omsorg, Dagsenter for personar med demens, Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens. 2002 Elin H. Aarø Strandli: «Den beste dagen på mange år». Dagtilbud for personer med demens i Grønn omsorg, Forlaget Aldring og helse. 2007 Fagbladet 2/2008 > 33 fbaargang2008 fbseksjonHEL