Dei to fyrste er henta frå boka «So ro liten tull Løvlid, Unni, 2003: So ro liten tull, 1.utgåve, Lyche musikkforlag. So ro liten tull etter Magnhild Haugen Otterdal, f Vellene, Hornindal (1911-2001) So ro liten tull, sauden, han ber mykja unn, bukkjen, han ber breide honn, røven mata’ sine bonn, bjønnjen ligg i hide’, syg’ på labbane sine, log åt meg, grein åt deg. Det va’ eventyre’! Ikonn gjekk på vollen og slo etter Jorunn Lundgård Lødøen, Hornindal (1939-1999) Ikonn gjekk på vollen og slo. Høyrde du kor det snørde? Skjora lesste og kråka drog og vesle pusekatten kjørte. Hanen treska, høna mol, katten baka, killingane knadde. Musa gjekk der og gnaura og gnol og ba’ om alt det dei hadde Støylen, Bernt, 1899: Norske barnerim og leikar, Aschehoug og co, Christiania Frå Nordland: Ro ro att og fram! Fall på baken som ein mann! Aaranne utum keipen. Pylsepinn, kurveskinn, imorgo kjem han papa din, med soli i barmen Frå Ryfylke: Ro ro til Balta! Fiska sei og salta, salta han baade med isel og rogn, leggja han i tunnur og føre han til Sogn. So skal me bryggja og baka, og steikja barne ei kaka Tunkatten med digitalsongbok Tunkatten Lurivar frå Ivar Aasen-tunet vil gjerne dele den nynorske songskatten med borna. No vert det songbok på nett. O    JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR m lag 60 nynorske barne-    språk, samlar på dialektord og songar vert presenterte i den digitale songboka. Av desse er om lag 10 heilt nye tekstar som vann fram i tunkatten sin songkonkurranse i sommar. Målet med arbeidet er og å vise fram den nynorske songtradisjonen, og at også mindre born skal kunne finne fram til tekstane, ved hjelp av lydvegvisarar og enkle illustrasjonar. Vi vil gjerne gje barna større tryggleik på språket sitt, og det kan songane vere med på gi dei, seier formidlingsleiar Anne Marta V. Vadstein ved Aasen-tunet og viser til at born som går i barnehage i nynorske område ofte kjenner betre til bokmålssongane enn dei som har meir lokal forankring. Tunkatten Lurivar har eigen nettstad der han skriv om arrangerer konkurransar for born mellom seks og 12 år. Men tunkatten er også ein fysisk figur som mellom anna reiser rundt på skuleturneen «Katta i sekken» saman med forfattar Hilde Myklebust. Han er ein litt lur og mystisk katt som seier han har lese tusenvis av bøker. Akkurat der trur eg han smør litt på, smiler Vadstein. No vil tunkatten ta tak i dei nynorske barnesongane og vise dei fram på ein enkel og brukarvenleg måte. Målgruppa er born frå og med fire år. Det er mange som til dømes ikkje veit at Santa Lucia finst på nynorsk. Det er viktig at borna møter dei nynorske tekstane tidleg, seier Anne Marta V. Vadstein. Tunkatten reiser også rundt på skular med framsyninga «Katta i sekken» saman med forfattar Hilde Myklebust. © Anne Marta Vadstein fbaargang2008 fbseksjonKIR