Lokale stemmer Under utviklinga av lyttedusjane fekk kyrkja hjelp av Ål - og Torpo Mållag til å finne personar som var gode representantar for ålingsdialekta og aktuelle opplesarar. Margit Myhr, Bjørg Gudbrandsgard og Kjellfred Dekko tok utfordringa med å omarbeida forteljingane til halling, og det er deira stemmer som no tek ungane med inn i dei gamle sogene. Golingsjenta Miriam Toilsdatter Harbo har dekorert begge lyttedusjane, som går på omgang i dei seks hallingdalskommunane. Totalt har dusjane kosta kring 120.000 kroner. Delar av dette er sponsa av det lokale mållaget, som har ambisjonar om å nytte dei innlesne sogene i sitt eige dialektprosjekt «Levande språk». Fablar i farger: Miriam Toilsdatter Harbo har dekorert begge lyttedusjane med sterke farger og bibelmotiv. Dusjane går på omgang i dei seks hallingdalskommunane, og står to månader i kvar kommune. Kortvaksen kø: Som oftast står lyttedusjane i våpenhuset, og nyskapinga er populær blant dei minste. Det litt oppfølging frå dei vaksne, som må passe på maset frå andre om å koma inn ikkje skapar for stor uro. FAKTA I Stortingsmelding nr. 7 2002/2003 løyvde Stortinget midlar til ei landsdekkjande reformering av dåps - og trusopplæring. Det meste av dette arbeidet vil skje i Den Norske Kyrkja. Hallingdal Prosti ved Ål kommune var av dei 164 kyrkjelydane som fekk midlar i 2004, og då for ei prosjektperiode på fem år. Sidan 2004 har det årleg kome til nye prosjekt. Det er no om lag 500 kyrkjelydar rundt om i landet som driv med fornyingsarbeid. Prosjekta spenner frå eitt særskilt tema, til prosjekt med fokus på eit einskild årstrinn og Hallingdal Prosti sitt fullskalaprosjekt for born og unge frå 0-18 år. Lyttedusjen er ein liten del av prostiet sitt reformarbeid, som mellom anna inkluderer dåpsskule for seksåringar, 4-årsbok og kyrkjesamlingar for alle ungane i Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nes og Flå. I tillegg er det babysong, aktivitetsdagar i kyrkja, kyrkjeovernatting og bibelpizza-kveldar i somme av kyrkjelydane i prostiet. Prosjektet har også gjeve ut ein cd med musikalske kveldsbøner, under tittelen «God natt, Hallingdal». Hallingdal Prosti kyrkje mottek årleg 1,7 millionar kroner til prosjektarbeidet. fbaargang2008 fbseksjonKIR