Stjernestunder på sjukeheimen 44 > Fagbladet 4/2008 Fleksible og medvitne tilsette kan gje individuell omsorg sjølv om dei arbeider i eit system. Bebuarane har det til felles at dei treng hjelp. Elles er dei svært ulike, og må få leve ulikt. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: EIVIND SENNESET Det er andakt i daglegstova, og alle bebuarane blir henta inn for å vere med. Slik er det også når det er konsert eller bingo på sjukeheimen. Det er ikkje så mykje som skjer her, så pleiarane reknar med at alle vil ta del i det som går føre seg. Det er ikkje ein gong naudsynt å spørje den einskilde bebuaren. Slik var det i alle fall mange stader før i tida. Også på Masfjorden sjukeheim i Hordaland. – I dag har det vorte sjølvsagt å invitere og spørje kva dei ynskjer, fortel Helga Irene Ellingsen, sjukepleiar og leiar på pleieavdelinga. Individ på institusjon Malin D. Steine, også sjukepleiar på pleieavdelinga, understrekar at bebua- rane har levd ulike liv før dei flytta inn på sjukeheimen. – Det som er felles for dei som bur her, er at dei treng hjelp i ulik grad. Utanom det er bebuarane like ulike som deg og meg. Nokon har vore vande med mykje folk rundt seg og har levd eit svært sosialt liv. Andre har for det meste vore åleine. Dei som ynskjer det, må difor få fbaargang2008 fbseksjonHEL