BAKKAR OG BERG: Sansehagen er delvis tilpassa brukarar av rullator og rullestol. Men dei som framleis kan klatre, kan ta seg opp i fjellsida. Malin Steine hjelper til om Bergit Matre vil prøve seg. > STJERNESTUND Dei tilsette ved Masfjorden sjukeheim definerer stjernestund slik: Kjenslegmessige, intellektuelle og kulturelle opplevingar som gjev glede, inspirasjon, tryggleik, meistring og velvere. Ei stjernestund for bebuaren er også ei stjernestund for pleiaren. Det er situasjonar som inneber at ingen av dei kan bytast ut. Situasjonen påverkar sjølvkjensla og betrar omdøme og respekt. vere på rommet sitt sjølv om det skjer noko på fellesstova. Må vite om livet før Laila Reknes, hjelpepleiar og assisterande leiar på Nystova, demensavdelinga ved sjukeheimen, minner om at det ikkje alltid er opplagt kva bebuaren eigentleg vil. – Det er greitt nok med dei som kan gje beskjed om kva dei ynskjer. Men me har og bebuarar som av ulike grunnar ikkje kan fortelje oss kva dei ynskjer og vil, seier ho. – Då må me handle ut frå den kjennskapen me har til bebuaren frå før og det pårørande kan fortelje oss. Dei tre pleiarane er samde om at det er viktig at dei veit mest mogleg om livet til bebuaren før han flytta inn på sjukeheimen. – Me prøver å nytte dei ressursane bebuarane har. Ei er til dømes flink til å lese, og les ofte høgt for dei andre. Ein annan er gamal felespelar. Når han spelar for dei andre, vert gode minnar henta fram. Det hadde knapt hendt om me ikkje hadde kjent til interessene bebuarane har dyrka før dei kjem hit. Fem stjerner Leiinga og dei tilsette ved Masfjorden sjukeheim har på kort tid gjort mykje for å auke eige medvit og sjukeheimen sitt omdøme. Det var for tre–fire år sidan at sjuke- heimen var offer for økonomiske kutt. Media sette søkjelyset på sjukeheimen, og dei tilsette kjende seg ikkje att i det negative biletet som vart skapt av arbeidsplassen deira. Dei måtte gjere noko, mellom anna av omsyn til rekrutteringa. Det vart sett ned ei prosjektgruppe. Leiing, tilsette og tillitsvalde i prosjektgruppa let seg alle inspirere av alt frå reisebrosjyrar til forsking om livskvalitet. – Me vart fort samde om at arbeidsplassen vår skulle bli ein femstjernes sjukeheim, fortel pleiarane. Fond for opplevingar For å gjere sjukeheimen til ein femstjerners bustad, oppretta dei eit opplevingsfond. Fondet vert fylt med opplevingar av gode stunder skapt i samspel mellom pleiar og bebuar – det dei på Masfjorden sjukeheim har døypt for stjernestunder. – I opplevingsfondet plasserar me gode opplevingar som fell utanfor den ordinære drifta, og opplevingar som er baserte på individuelle ynskje, fortel Helga Irene Ellingsen. Slike opplevingar kan til dømes vere ein biltur til kjende og kjære trakter eller vitjing av grava til ektefellen. Men ei stjernestund treng ikkje vere ei stor utflukt. Det kan også vere massasje, fotterapi, høgtlesing, ein tur i    > Åha,åelskeogåvere – Me baserer oss på Erik Allard si forsking kring livskvalitet, fortel Ørnulf Lillestøl, kommunalsjef i Masfjorden kommune og leiar for Prosjekt Stjernestunder. Den finsksvenske sosiologen meiner at vilkåra for høg livskvalitet er at ein person har naudsynt med materielle godar, og at han har gode relasjonar til andre menneske. Den tredje dimensjonen, å vere, omfattar mellom anna identitet, kontroll over eige liv og kva for funksjon ein har for andre personar. – Å vere inneber at ein bebuar eller pasient ikkje skal vere eit nummer eller ein diagnose. Me skal tvert imot prøve å leggje til rette for at han eller ho får halde på identiteten, sjølvkjensla og høve til framleis å dyrke interessene sine og bruke ressursane sine, forklarer Lillestøl. Fagbladet 4/2008 > 45 fbaargang2008 fbseksjonHEL