GRATIS: Gode haldningar kostar ingen ting, meiner Helga Irene Ellingsen, Laila Reknes, Malin Steine og Ørnulf Lillestøl. sansehagen eller ein hyggjeleg samtale. Men dei fleste, og kanskje viktigaste innskota i opplevingsfondet, er gode stunder i kvardagen, i samhandling rundt stell og måltid. Verdigheit – Me skal leggje til rette for at bebuarane i størst mogleg mon får halde fast ved den identiteten dei har bygd opp før dei kom hit, seier Laila Reknes. – Det biletet dei har ynskt å skape av seg sjølve, er det vår oppgåve å oppretthalde når dei sjølv ikkje lenger klarer det åleine, meiner ho. Som eitt døme nemner ho at den generasjonen som no bur på sjukeheimen, pynta seg på sundagen. – Også her skal dei ha på seg sundagskjole. Det handlar om å framleis vere verdt noko. Me kan ikkje kle dei i joggedress av di det er lett for oss. Refleksjon Alle tilsette ved Masfjorden sjukeheim er vande med felles refleksjon. Spørsmål om kva som er klokt og mindre klokt, rett og gale dukkar ofte opp. Dei gjer seg til dømes mange tankar om når det er rett å fjerne ein bebuar frå det offentlege rom, og kva som skal til for at det er betre at han får vere der sjølv om han ikkje nett oppfører seg slik han gjorde i yngre dagar. – Målet er at alle tilsette er medvetne om sine eigne haldningar, og at alle her kan reflektere saman med kollegaene sine, seier Helga Irene Ellingsen. Ho legg til at dei alle må kunne sjå kritisk på seg sjølve. Dessutan forven- tar dei at alle kan korrigere kvarandre på ein god måte. – Og ikkje minst: Me må aldri gløyme å rapportere til kvarandre om dei gode stundene. Romsleg Masfjorden sjukeheim har mindre økonomiske ressursar å rutte med enn dei fleste, og leiar med ansvar for økonomi og personale tek del i den daglege aktiviteten på avdelinga. Til gjengjeld er administrasjonen romsleg når det gjeld ymse fristar. – Me er samde om at det er viktigare å dekke behova til bebuarane enn å overhalde fristar for diverse rapportar, seier Ørnulf Lillestøl, kommunalsjef i Masfjord kommune. Han tykkjer det er greitt at dei tilsette nedprioriterer kontorarbeidet, men pleiarane understrekar at det ikkje gjeld alt papirarbeid. Det gjeld til dømes ikkje avviksmeldingar. – Der er me nøye. Men hadde me fått fleire pengar, er vi ikkje sikre på om berre papirarbeidet hadde blitt prioritert. Det ville nok heller vorte fleire turar og meir kaffi saman med bebuarane. Masfjorden sjukeheim Den nye sjukeheimen vart opna i 2001. Frå 2002 til 2004 vart sjukeheimen råka av kraftige reduksjonar i budsjettet. I 2005 kosta kvar sjukeheimsplass i Masfjorden 460.000 kroner. Det var lågast i Nordhordland. Masfjorden sjukeheim har ein pleieavdeling med 18 langtidsplassar og 4 korttidsplassar. Nystova, som er tilpassa bebuarar med ein demenssjukdom, har 9 plassar. Pleieavdelinga har 13 årsverk, Nystova har 10. For å betre omdøme og auke rekrutteringa til sjukeheimen, har Masfjorden kommune tatt initiativ til å lage ein film som viser korleis det er å bu og arbeide ved Masfjorden sjukeheim. Helse- og omsorgsdepartementet og Sosial- og helsedirektoratet har støtta prosjektet med til saman 750.000 kroner. Det lokale filmselskapet Corax har laga ein kort dokumentar om prosjekt Stjernestunder. Filmen skal synleggjere verdiane som ligg til grunn for prosjektet. ULIKE HEILE LIVET: Alvhild Midtbø legg seg gjerne nedpå i fellesrommet. For andre ville det ha vore eit brot med stilen, meiner Helga Irene Ellingsen. 46 > Fagbladet 4/2008 fbaargang2008 fbseksjonHEL