FOKUS mål kjem i bakgrunnen. Kvar kjem vår tids problem ifrå? Kvifor får fleire unge trøbbel? Kanskje sosialiseringa er for lite effektiv? Kan det nye språket om produksjon og effektivitet nyttast på kva som helst utan at innhaldet tek skade på si sjel? Kva med effektiv omsorg? Arbeider vi i psykisk helsevern, rusomsorga eller barnevernet veit vi at det gode resultat berre kan omtalast med ord som minner lite om effektivitetsretorikken: tolmod, stabilitet, kontinuitet – og tru, håp og kjærleik for den del. Og effektivt på kort sikt treng på ingen måte være godt på lang sikt – og særleg lang sikt har ikkje dei bedriftsøkonomiske driftsmodellane. Det er i ferd med å bli ei ulukke for oss alle. Og verkar i forhold til kva? Måla for praksisutøving i velferdsstaten er sjeldan eintydige. Om Bjarne Håkon Illustrasjonsfoto: colourbox.com Hanssen sin politikk får folk opp om morgonen, eller om psykofarmaka kan redusere atferdsproblem hos barn og unge, er dessutan ikkje tekniske spørsmål. Dei er moralske. MEDISINEN for modernisering av offentleg sektor har lenge vore økonomisk effektivisering gjennom resultatstyring og resultatfinansiering kopla mot marknadsmekanismar. Vi skal alle konkurrere for å bli flinkara, og pasientar og brukarar er blitt kundar. Denne situasjonen aukar presset på «produksjonsteknologien», eller den rette arbeidsmetoden. Det nye konseptet «evidensbasert praksis» skaper illusjonen om at denne finst – at det på mest alle verksemdsområde er mogleg å utvikle «medikament» etter mønster av medisinen. I så fall er det også grunnlag for rasjonalisering, og «produksjonen» bør logisk sett standardiserast. Moderniseringa skaper ei tiltakande byråkratisering og umyndiggjering av høgt utdanna arbeidskraft. Deira autonomi (og ansvar) til å individualisere behandling og skape skreddarsaum blir svekt. Paradokset er at dette skjer samstundes som retorikken (og lovgjevinga) nettopp framhevar og legg vekt på brukarmedverknad og individuell tilpassing av tilbod og tenester. Denne nye situasjonen føreset enorme mengder med data, og eit veksande byråkrati for å handtere det målte. Sjeldan tek ein seg bryet med å måle kostnadane ved å måle. Men der er og andre sider. Nokon skal samle inn desse data. Det tek tida og merksemda til fagfolka. Resultatet blir som forventa: systemet blir enno meir sjølvoppteke, og brukarane opplever seg som objekt: kartlagde, men ikkje tekne på alvor. Det er truleg neppe utan grunn at dei fleste verksemder i denne sektoren pyntar seg med følgjande oppsiktsvekkjande «forretningside»: Brukaren i sentrum! Det tyder på at ikkje alt står bra til. Fagbladet 4/2008 > 49 fbaargang2008 fbseksjonHEL