FOKUS Tolmod, stabilitet, kontinuitet – og tru, håp og kjærleik. Innan helse og omsorg kan det gode resultatet berre omtalast med ord som minner lite om effektivitetsretorikken. > TOR-JOHAN EKELAND Professor, dr. philos, avd. for samfunnsfag – sosialfag, Høgskulen i Volda Fokus-forfattaren er kritisk til marknadstenkinga og effektivitetsmålinga innan helse og omsorg. Det fører til eit sjølvoppteke byråkratisk system der brukarane opplever seg som objekt: kartlagde, men ikkje tekne på alvor. Kva er effektivt? 44 > Fagbladet 4/2008 SIDAN SLUTTEN av nittitalet har spørsmål om effektivitet og «what works» spreidd seg til mest alle praksisfelt innan velferdsstaten. Alle spring etter svara. Få stiller spørsmål ved spørsmåla. Det er skapt inntrykk av at vi er ved år null – at ein tidlegare ikkje brydde seg stort, at legen ikkje var interessert i om behandlinga var vellukka, at sosialarbeidaren ikkje følgde opp klienten sin, at fagfolka i barnevernet var likesæle til om jobben dei gjorde var god eller dårleg. UNDERSØKER EIN NÆRARE, handlar det ikkje så mykje om ei genuin interesse for kvalitet. Heller ikkje den gamle og alltid nødvendige drøftinga av tilhøvet mellom kunnskap og praksis. Eigentleg handlar det ikkje så mykje om det gode resultat heller – om du og brukaren er nøgde eller ikkje. Det er nemleg ikkje nok at du stoler på di eiga eller fagmiljøet si dømmekraft. Du skal ikkje tru det før du har dokumentert det! Det viktigaste er med andre ord ikkje resultata og dei impliserte si oppleving av godt eller dårleg, men at resultata er målt og dokumentert. Mange trur at dette er same saka, men det er det slett ikkje. For det første byggjer dei nye dokumentasjonskrava på mistillit (vi vil ikkje tru det før vi har sett det). For det andre er systema laga slik at dei som ikkje kan det (byråkratiet) skal kunne overvake dei som kan det (fagfolka). For det tredje skal dokumentasjonen kunne kvantifiserast. Og når det viktigaste ikkje lar seg kvantifisere (slik det ofte er i kompliserte verksemder), blir lagt merke til at ho ser meir i datamaskina enn på deg; ho er nemleg pålagt å dokumentere om at ho har informert deg. For det fjerde skal dokumentasjonen tene som effektivitetsindikatorar slik at ein kan samanlikne kven som er effektive og kven som ikkje er det (benchmarking), og i ein del sektorar kan ein med dokumentasjonspoenga i handa veksle dei inn i pengar frå staten (innsatsstyrt finansiering). Dei nye styringslogikkane i velferdsstaten bygger nemleg på den ideologiske overtydinga at skaper ein konkur- «Evidensbasert praksis skaper illusjonen om at denne finst – at det på mest alle verksemdsområde er mogleg å utvikle medikament.» det som lar seg kvantifisere, viktig. Dermed oppstår verdas eldste organisasjonsproblem: målforskyving (middel blir mål). Sjansane stig for at aktørane blir meir oppteken av dokumentasjonen enn av realitetane – eller å gjere ting rett framfor godt. Dei som har vore til fastlegen sin i det siste har kan hende ranse mellom aktørane og lønnar dei flinke, vil effektivitet og kvalitet kome av seg sjølv. Problemet er at denne «strukturelle atferdsterapien» verkar, men verkar den etter føremålet? EIT PROBLEM er at knefallet for effektivitetsretorikken lett fører til at andre viktige spørs- fbaargang2008 fbseksjonKIR