Trude Hoel, prosjektleiar i BOKTRAS, har med seg ein stabel med gode barnebøker når ho reiser rundt og held kurs. Fleire barnebøker blei presenterte på kurset, mellom dei «Det store spørsmålet» av Wolf Erlbruch. Ei heilt ny bok, omsett til nynorsk, som kjem med tankevekkjande og forunderlege svar på nettopp store spørsmål. BOKTRAS • Samarbeid mellom Nasjonalt senter for leseutvikling og leseforsking (Lesesenteret) og Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM-utvikling). • Folkebiblioteka i Drammen, Klæbu og Sortland deltek, saman med barnehagane Jordbrekkskogen og Svensedammen i Drammen kommune, Sentrum, Sletten og Tanem i Klæbu kommune og Lykkentreff og Strand i Sortland kommune. • Mål: Gje rom for lesing! • Prosjektet starta i august 2005 og blir avslutta i september 2008. • Undervegs i prosjektet er det laga filmar og eit kurshefte med nyttige tips som er tilgjengelege eller kan bestillast på www.lesesenteret.no. I Når barnehagar og bibliotek samarbeider kan store ting skje. Dette er filosofien bak leseprosjektet BOKTRAS. overkant av 100 barnehagetilsette og rande samarbeid med bibliotekaren i Sortland. -Jippi! kjem det frå ungane når eg fortel at bibliotekaren vår, Astrid, kjem, sa ho. I barnehagen der Larsen er styrar, har dei laga til eit eige leserom. Dit kjem Astrid med jamne mellomrom med ei tralle full av bøker som ho tippar over ende. Så har ungane bokbad. Kvar gong presenterer bibliotekaren ei ny bok, og ofte har ho kledd seg ut. Sånn får borna bytt ut boksamlinga si. Med ein eigen bibliotekfilial i barnehagen kan born og foreldre heile tida låne nye bøker med seg heim. Me plasserer bøkene i inngangspartiet der foreldra går forbi kvar dag. Me har også bøker spreidde rundt i heile barnehagen, heldt Larsen fram. Gode rutinar Jobbar dei med spesielle ting i Lykkentreff barnehage, som for eksempel krokodillar, som nyleg var tema, spør dei også Astrid om hjelp til å finne litteratur. Og når ungane er ute på tur, er dei stadig innom biblioteket, gjerne berre for å ete nista si. Sånn har eit godt og nært forhold mellom barnehage og bibliotek fått vekse fram. Det handlar om å skape rutinar, meinte Larsen. I barnehagen hennar har dei, i tillegg til fasta bokdagar, også minst ei lesestund kvar dag. Ofte brukar me bøker med handling som held fram bibliotekarar hadde møtt opp til kurs i språkstimulering gjennom leseak- tivitetar i Bergen. Kurset var også meint å skulle vere ein møteplass mellom dei to yrkesgruppene. For nettopp samarbeidet desse yrkesgruppene i mellom er noko av fundamentet i BOKTRASprosjektet. Kursa er populære. Me kunne hatt endå fleire, påpeikar prosjektleiar Trude Hoel, frå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger. Badar i bøker Kurshaldar Sigrid Larsen fortalde om korleis dei i Lykkentreff barnehage har fått til eit godt og inspire- Gje rom for lesing! fbaargang2008 fbseksjonKIR