frå dag til dag. På denne måten får ungane stimulert konsentrasjon, dei må lage bilde sjølve, og dei blir utfordra på det å hugse og å skape samanheng. Slike bøker opnar også for samtale før lesinga, sa barnehagestyraren. Mykje samtale, ofte om filosofiske tema, og mykje høgtlesing er blitt ein raud tråd i kvardagen til ungane i Lykkentreff barnehage. Dette er i tråd med ideen bak BOKTRASprosjektet. Kvinnelege litteraturformidlarar Det var mykje leseglede og inspirasjon å hente denne kursdagen. Men prosjektleiar Trude Hoel frå Lesesenteret i Stavanger trekte også fram urovekkjande tendensar i dei yngste si språklæring: Gutar og minoritetsspråklege born er mindre aktive enn jentene når det kjem til aktivitetar knytte til lesing og stimulering av språk. Hoel forklarte det med at gutane ofte likar andre tema og sjangrar enn jentene, medan ungar med annan språkleg bakgrunn held seg unna leseaktivitetane fordi dei opplever at dei ikkje meistrar det norske språket like godt som dei med norsk som førstespråk. Dette kan lage vonde sirklar dersom ikkje desse ungane har medvitne vaksne rundt seg. Det er eit problem at litteraturformidlinga er kvinnedominert. Fedrene må aktiviserast. Kanskje det kunne komme gutar frå ein skule nær barne- hagen og lese for ungane, foreslo Hoel. Kvifor suksess? Liv Ranum frå Klæbu folkebibliotek delte ei rad med gode boktips med dei som sat i salen. Ho gav smaksprøvar frå både komiske og meir alvorlege barnebøker, med og utan bilete. Kvifor har dette prosjektet blitt ein suksess, spurde ho og trekte fram tre grunnar: Folkebiblioteka og barnehagane har samarbeidd, biblioteka har sytt for store og varierte samlingar med bøker i barnehagane, og det har dessutan blitt satsa mykje på kursing og kompetanseheving av alle dei tilsette i barnehagane som har vore involverte i BOKTRAS-prosjektet. Men den største gevinsten trur eg vil bli oppdaga når desse ungane byrjar på skulen, avrunda bibliotekaren. Ny inspirasjon I ein pause står Solbjørg Espevoll frå Skjoldastraumen barnehage i Tysvær og studerer bøker saman med medarbeidarar frå kommunen. Eg ønskjer tips om bøker, ny litteratur og det å få i gang gode samtalar, svarar førskulelæraren på spørsmål om kva som lokka henne til kurset i Bergen. Ho reiste truleg heim denne regntunge dagen med ny inspirasjon og påfyll av erfaringar frå Sortland i nord til Stavanger i sør. Solbjørg Espevoll (frå venstre), Astrid Fjell og Monica Tjomsland hadde teke turen frå Tysvær for å delta på kurset i Bergen. Dei nyttar pausen til å studere barnelitteratur. fbaargang2008 fbseksjonKIR