Skattkista Returdresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235 Hebnes B And, Døden og tulipanen Av Wolf Erlbruch Heinesen forlag, 2007 Dette er ei alvorleg biletbok der alvoret er godt synleg. Det heile er eit direkte og til tider særs vakkert møte med livet og døden. Mest av alt er det likevel alvor, teikna med enkle strekar på grått papir. Me møter And og Døden. Alt frå byrjinga av historia legg det seg eit alvorleg teppe over handlinga. Døden er nemleg der, han pratar med And som på si side har ei underleg kjensle av kven han eigentleg er. Gjennom boka pratar desse to om kva som skjer når ein døyr og kva som finst etter døden. Det ligg ein streng av spenning her, at noko kjem til å skje i And sitt liv. Men mest av alt er dette ein god samtale om eit veldig viktig tema. Truleg vil praten om døden skremme mange born, men dersom historia vert brukt på rette måten kan dette bli eit godt og naturleg møte med det som skjer etter livet, også for dei mindre borna. Det er ei historie ein skal ha respekt for, både som lesar og mottakar. Teikningane er like direkte som handlinga. Streken er enkel og gjennomført dyster. Døden er tradisjonelt framstilt som dødninghovud med mørke auge, samstundes som den gjennom leik og samtale har meir liv enn me kanskje er vane med. Sidene er reine og enkle. Forholdsvis lite tekst på sidene fører til at illustrasjonane kjem godt fram og får den plassen dei fortener. Forfattaren kjenner me att frå biletbøker som «Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans» og «Det store spørsmålet». And, Døden og tulipanen er ei vakker bok. Ei historie med ein streng av alvor og ei undring over det som skjer med oss etter døden. Det er ei handling som truleg vil trenge forklaringar og gjerne historier som borna kan kjenne seg att i. Og kanskje kan boka vere til hjelp i tilfelle der borna har opplevd døden på nært hald? PiRion -kurs Judith Sørhus Litlehamar Kva kultur er Korleis skapar me ein det me ønskjer at barna våre skal lære? Om kurset Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i barnehage og småskule og elles andre som arbeider med små barn. Kurset skal vere med å bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidle og syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette. kulturbarnehage? Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid. Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Om Pirion Stiftinga Pirion gir ut kulturavisa Pirion fire gonger i året. Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg. Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement. Om kurshaldarane Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt. kor hentar barna opplevingar frå? Kontakt: Vil du tinga kurs eller få meir informasjon, ta kontakt med Astrid Eidhammer Hjelmeland: tlf:52790484/97194788 (måndag og tysdag mellom 9 og 15) epost: pirion@norsk-plan.no PiRion Tips oss på pirion@norsk-plan.no Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du syns me bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no PIRION ER STØTTA AV NORSK KULTURRÅD, FAGFORBUNDET OG LNK PIRION 03/2008, 9. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar: Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg, 4235HebnesTlf:52790482,faks52790481.Heimeside:www.pirion.no Ansvarlegredaktør:ToyniTobekk,mobil98221410Redaksjon:AstridEidhammerHjelmeland,tlf52790484 E-post:pirion@norsk-plan.no Formgjeving: Salikat Design LES! fbaargang2008 fbseksjonKIR