Bebuarane og dei tilsette ved Eidsbøen bufellesskap har vore gjennom ein svært slitsam periode. Sjukefråveret var ein periode høgt blant dei 18 fast tilsette. Då det ikkje vart sett inn tilstrekkeleg med vikarar, vart dei friske òg sjuke. Bebuarane merka mangel på personell. Dei 17 brukarane vart til tider tildelt mindre tid enn dei hadde fått gjennom enkeltvedtak, og enkelte endra åtferd. 15 prosent fråver – Kommunen skulle spare, og leiinga bestemte at vi skulle halde bruk av vikarar på eit minimum, fortel LinnBeathe Suphammer, vernepleiar og dagleg leiar ved bufellesskapet i Austevoll kommune i Hordaland. Eigentleg skal dei vere tre på vakt både dag og kveld. Men det var etter kvart meir unnataket enn regelen. Meir vanleg var det at dei gjekk to og to på vakt. – Me kom inn i ein vond sirkel, NØGD: – Her treng ingen leite i skuffer og skap for å finne skjema for avviksmeldingar, konstaterer hovudtillitsvald Kari Suphammer. Ho er nøgd med at skjema heng framme trass liten veggplass. 44 > Fagbladet 5/2008 Det nyttar å føre avvik Dei arbeidde halvanna år utan å få setje inn vikarar. Takk vere systematisk dokumentasjon av avvik, sette helse- og sosialsjefen ned foten. Austevoll kommune måtte finne andre måtar å spare på. Tekst: KARIN E. SVENDSEN Foto: EIVIND SENNESET fbaargang2008 fbseksjonHEL